Kva kan kreftkoordinator hjelpa med?

  • Vera ressurssperson for den som er kreftråka og deira pårørande
  • Gi råd og rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt
  • Vera ein samtalepartnar som kan hjelpa å sortera tankar i ein vanskeleg situasjon
  • Vera bindeledd mellom pasient, fastlege, spesialhelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Koordinera og tilretteleggje kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best muleg måte
  • Heimebesøk til pasient og pårørande
  • Vera ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller er pårørande av besteforeldre, føresatte eller sysken med kreft
  • Informere om ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg

Ein treng ikkje tilvising eller søknad for å få kontakt med kreftkoordinator. Den kreftråka, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt.

Tilbodet er gratis

Informasjon om kreftomsorg i kommunen

Det er to ressurssjukepleiarar i kreftomsorg hjå pleie og omsorg:

Helsetunet: Marita Hofslien Johnsen
Heimebasertetenester: Hege Grønsberg Åsarmoen

Pakkeforløp heim

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir no inkluderte i eit nytt “Pakkeforløp heim” for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Les meir om det her.

Du kan og finna utfyllande informasjon på heimesidene til Helsenorge