- Kva er dispensasjon?
- Når kan du få dispensasjon?
- Døme på når du må søke om dispensasjon
- Søknaden må innehalde
- Slik søkjer dispensasjon
- Gebyr for sakshandsamin
Kva er dispensasjon?
Ein dispensasjon er eit vedtak som innebære at det gis et unntak frå bestemmelser gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova. Dispensasjon vil seie at kommunen gir nokon tillatelse i ein konkret sak til å bygje eller gjera noko som ikkje er i samsvar med plan- og bygningslova.
Når kan du få dispensasjon?
For at det skal kunne gis dispensasjon må søknaden grunngjevast og syne at følgjande vilkår er ivaretekne:
1. Omsyna bak reglane du søker om dispensasjon frå, må ikkje bli vesentleg tilsidesett.
2. Fordelane ved å gje dispensasjonen må vere klart større enn ulempene.
Du bør kunne grunngje fordeler og ulemper i eit objektiv perspektiv, utover eigne personlege tilhøve som til dømes plassbehov eller økonomi.
Plan- og bygningslova (pbl.) § 19-2 stiller opp to hovudvilkår for dispensasjon.
Døme på når du må søke om dispensasjon
For kort avstand til nabogrense
Hovudregelen er at bygningar skal plasserast minst 4 meter frå nabogrensa. Er det oppgjeve ei byggegrense for din eigedom, må heile bygningen plasserast innanfor denne grensa. Dersom bygningen vert plassert i strid med dette, må du søke om dispensasjon. Dersom du har samtykke frå dei naboane tiltaket kan få følgjer for, eller dersom det aktuelle tiltaket har eit bruksareal eller bygd areal på mindre enn 50 kvadratmeter, kan kommunen godkjenne ei plassering nærare enn 4 meter frå naboen.
For kort avstand til veg
Når du bygger, skal avstanden til midten av regulert kommunal veg vere minst 15 meter, og avstanden til midten av regulert riksveg skal vere minst 50 meter. Dersom du skal bygge nærare vegen enn dette må du søke om dispensasjon frå avstand til veg.
Søknaden må innehalde
- kven som er tiltakshavar og søkar
- kva eigedom søknaden gjeld (adressa, gards- og bruksnummer)
- kva prosjektet inneber (dersom dette ikkje går fram av byggesaka)
- kva regler du søker dispensasjon frå
- om tiltaket er permanent eller mellombels
- vurdering av kva konsekvensar tiltaket kan ha for samfunnstryggleik/naturfare, kulturminne, friluftsliv og naturmangfald
- grunngjeving etter pbl. § 19-1 og vurdering av vilkåra i pbl. § 19-2
- opplysningar som syner at dispensasjonen er nabovarsla, og eventuelle innkomne fråsegn frå naboar
- dersom prosjektet ditt er unnateke søknadsplikt, men likevel avhengig av dispensasjon, må du òg leggje ved teikningar og situasjonsplan
- opplysningar om kva andre dispensasjonar det (eventuelt) er søkt om - til dømes dispensasjon frå veglova og/eller jordlova
Slik søkjer dispensasjon
Dispensasjonssøknaden vert skrive som eit vanleg brev og sendt saman med byggesøknaden til post@aurland.kommune.no eller til eDialog.
Gebyr for sakshandsamin
Gebyret for handsaming av søknad om dispensasjon er det same uavhengig av om du får innvilga dispensasjon eller ikkje.