Kven kan få Aurlandsprisen?

Kven som helst kan få Aurlandsprisen. Det kan vere ein enkelt person, lag/organisasjon eller verksemd som har gjort ein stor innsats gjennom lagarbeid, verdiskaping, vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer, lokalhistorisk arbeid eller arbeid for barn og unge.

Har du forslag til kven som skal få Aurlandsprisen i år?

Dersom du kjenner nokon du meiner bør få Aurlandsprisen i år, kan du sende dine forslag til oss til post@aurland.kommune.no

Du må grunngjeva kvifor personen, lag/organisasjon eller verksemda skal få prisen. Framlegg som manglar grunngjeving, vert ikkje vurderte.

Frist for å sende inn framlegg er 25. oktober.

Sjå tidlegare vinnarar 

Les meir infomrasjon om Aurlandsprisen