Verksemder kan søke om inntil kr 200 000 med inntil 90% dekningsgrad frå ordninga, og førehandsutbetaling av 75% av støttebeløpet. Søknader vert handsama løpande. Stortinget har 31. mars vedteke å styrke denne ordninga, så alle verksemder som ser dette som ein moglegheit vert oppmoda til å kontakte fylkeskommunen.

Statlege ordningar

Regjeringa og stortinget har lansert fleire «tiltakspakkar» dei siste vekene for å avhjelpe situasjonen knytt til koronavirusutbrotet. Sogn næring har oppsummert tiltaka her: https://www.sognnaring.no/aktuelt/oversikt-over-nasjonale-tiltak-knytt-til-koronakrisa og er flinke til å oppdatere.

NAV har no oppdatert sin informasjon om ordningane for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, dette kan finnast her: https://www.nav.no/no/person/innhold-til-person-forside/nyttig-a-vite/koronavirus-informasjon-til-selvstendig-naeringsdrivende . Slik det ser ut no vil den digitale løysinga for å søke om dette vere oppe å gå i mai. Ta kontakt med NAV direkte dersom du har akutte behov før dette.

Tysdag 31. mars har fleire nye tiltak blitt lansert frå stortinget. Fredag 27. mars annonserte regjeringa at det ville kome ei kontantstøtteordning for å dekke deler av dei faste utgiftene til verksemder, denne vert no detaljutgreia og meir informasjon kjem fredag 3. april.

Nye tiltak frå Stortinget tysdag 31. mars

Inkluderer mellom anna fylgjande:

•Styrke kommunar og fylkeskommunar med 5 milliardar kroner

•Reduserer satsen på låg moms frå 7 til 6 prosent fram til 31. oktober 2020

•400 millionar til kompetansetilbod og opplæring av permitterte og arbeidsledige

•Auke miljøteknologiordninga (Innovasjon Norge) med 50 prosent til store miljø- og klimainvesteringar

•Ei dobling av midlar til grøn skipsfart

•Igangsetjing av vedlikehaldsprosjekt til ein verdi opp mot ein milliard kroner innan jernbane, veg, flaum- og rassikring

•Alkoholavgifta som bryggerinæringa betaler vert utsett

•Drivstoffavgifta som bensinstasjonar betaler vert utsett

•Meir av pengane i Autopassordninga skal bli i verksemdene. Der det i dag vert betalt rundt 27 000 kroner for eit vogntog, vil no setjast ned til 9 000 kroner.


Næringsrådgjevar i Aurland kommune er administrativ kontaktperson for næringslivet, og kan kontaktast på e-post gudny.flatabo@aurland.kommune.no eller telefon 994 42 089 ved spørsmål. Kommunen vurderer fortløpande moglege kommunale tiltak som kan betre stoda for lokalt næringsliv i tillegg til dei statlege og regionale ordningane, og er opne for framlegg om nyttige tiltak.