GENERELT

Omtale
Oppmålingsforretning kan gå ut på å: 

  • klarleggje og forklare grenser og rettar som er knytta til fast eigedom (matrikkeleining)
  • skaffe fram alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre det offisielle - registeret i landet over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova før eininga kan opprettast i matrikkelen. 
  • merkje nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova
  • overføre areal mellom to matrikkeleiningar (arealoverføring)


Målgruppe

  • Eigedomseigarar (personar som har grunnboksheimel til ein eigedom)
  • Personar som har festa grunn for meir enn ti år
  • Personar som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste


Kriterium/vilkår
Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast

  • dersom du skal dele ei matrikkeleining
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
  • registrere ny matrikkeleining eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna

Oppmålingsforretning med kartlegging av eigedomsgrensene må vere utført før grunnboksheimelen til matrikkeleininga kan tinglysast.

Pris for tjenesten

OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing
Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna:

  • kva som blir rekvirert (kartlegging av eksisterande grenser, grensejustering,     arealoverføring osb.)
  • grenser og naboeigedommar vist på kart


Søknadskjema 
Rekvisisjon av oppmålingsforretning etter Matrikkellova(pdf)                            
Rekvisisjon av oppmålingsforretning etter Plan- og bygningslova (pdf) (elektronisk) 

Handsamingstid
Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker.

Handsaming av søknad
Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravt forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Høve til å klage
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller underretning om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.