Kva kan så du som huseigar gjere for å tilrettelegge din eigen bustad? Eg føreslår at du ser etter korleis det står til med TRAPPA. Ei trapp skal vere lett og sikker å gå i, og ho skal vere utforma etter forventa bruk. For den som er gamal kan utforminga av trappa vere avgjerande for om ein kjem seg ned i kjellaren eller opp på loftet.

  • Har trappa sikker avgrensing?

  • Har trinna plass til foten og er dei markerte?

  • Er det rekkverk på begge sider?

  • Kan du gå i trappa utan å lute ryggen?

  • Er det god kontrast i trinna og mot veggen?

  • Er det godt lys i trappa?

Bildet viser ei innvendig trapp som er ganske funksjonell. Her har huseigaren tenkt på mykje:

  • Rettløpstrapp er sikrare enn trapp med sving

  • Det er ingen fallgruber i form av opne sider eller opningar mellom trappetrinna

  • Det er rekkverk på ei side, og rekkverket er godt å halde i

  • Det er god plass mellom hovudet og gesimsen (etasjeutspringet) over

  • Det er kontrast mellom inntrinna og sjølve trinna og mellom trapp og veggar

  • Belysninga er OK

Nokre forbetringsområde:

  • Det beste hadde vore å ha rekkverk på begge sider, for viss du har dårleg balanse eller ein dårleg arm må du ha noko å halde deg i både når du går opp og når du går ned.

  • Det kunne vore betre kontrast mellom rekkverket og veggen

Les meir om trapp i Teknisk forskrift til Plan- og bygningsloven (Tek 17) III Bygningsdeler, § 12-14

Korleis er framkommelegheita i ditt eige hus? Aurland kommune ønskjer at du kan bu i din eigen heim så lenge du ønskjer. Dersom du har spørsmål om korleis du kan gjere tilpassingar for alderdommen kan du ta kontakt med:

Ergoterapeut Anna K. Marstein
e-post: a.k.marstein@aurland.kommune.no
Tlf 9598 4630. Kontorstad Fjordsenteret

 

Sjå også: Planlegg alderdommen! - dørstokk
Sjå også: Planlegg alderdommen! - tilkomst