Lokalt kulturbygg kan vere ungdomshus, samfunnshus, grendahus og tidlegare offentlege bygg med ny funksjon som nemnd over. Kulturbygga skal vere dokumentert eigd av søkjande organisasjon, eller disposisjonsrett gjennom leigeavtale på minimum 20 år. Utval for levekår ståt for vurdering av søknadane og tildeling av midlar. Det er ikkje høve å søkje midlar til kommunale bygg.
Kva kan det søkjast om?
• Tilskotet skal primært nyttast til utbetring og vedlikehald av eksisterande bygg
• Større reparasjonstiltak, som til dømes fornying og utskifting av VVS- og/eller EL- anlegg
• Tilskotet kan nyttast til «veggfast utstyr» som er naudsynt for at bygget skal fungere i tråd med føremålet til bygget.
• Tilskotet kan nyttast til nye påbygg, der dette er naudsynt for å tilfredsstille krav i lov og forskrift, samt for å tilfredsstille forsikringsmessige krav til bygget (Universelt utforma).
Retningslinjene kan du laste ned her.
Kontaktsperson for søknadar er Ingeniør Henning Elgåen ved Teknisk eining.