Smittetala går nedover. Fleire pilar pekar rett veg på vår vesle fredelege plett på jorda.
Skular og barnehagar opnar, sakte men sikkert.
Det same skjer hos frisørar, tannlegar, fysioterapeutar og forretningar.
Vår- og fridomskjensla er på full fart inn.
Vi får alle ei oppleving av at no kan vi slappe av på krava og unne oss større fridommar.
Kort sagt, normalisere tilværet.
Nokon vil ut og slå ut med armane. Andre er skeptiske, og lurer på om dette er trygt.
Som vanleg er det slik at alle har litt rett.
Er det då trygt? Ja, det er trygt. I betydinga trygt nok.
Men, det er nokon viktige føresetnadar for at det skal vere trygt nok.
Myndigheitene har no gitt kvar enkelt av oss eit større ansvar for situasjonen.
Difor er det viktigare enn nokon gong at vi følger dei anbefalingar og råd som vi har fått, og vil få, av myndigheitene.
Til dømes for fritidsreiser. Vi skal framleis avgrense dette mest mogleg. Det er for tidleg å reise på ferie / fritidsreiser.
Når vi reiser er det viktig at vi avgrensar kontakt med andre menneskjer mest mulig og held avstandsreglane. Unngå stadar der mange menneskjer samlast. 
Difor er ikkje dette tida for den store handleutflukta til byen eller eit bynært kjøpesenter.
Vi må tole å vente litt lenger på dette.
Ha alltid med handsprit og papirlommetørkle. Unngå offentlige toalett om du kan.
Fortsett å møtast utandørs. Ikkje del glas / drikkeflasker m.m. med andre.
Skal vi klare å unngå nye inngripande tiltak må vi alle bidra. Vi må også bidra til at smitte oppdagast lettare og smitteoppsporing blir enklare. Då er det ikkje nok med testing. Vi må finne nærkontaktane.

Difor: 
Last ned smitteappen. Følg anbefalingane frå folkehelsa. Unngå stadar der mange menneskjer samlast. Skal du ut på tur, så førebu deg godt og unngå nærkontakt.
Klarar vi dette ei stund til, så slepp vi å sjå stengde skular, barnehagar og forretningar fleire gongar.