I samband med arbeidet med frivilligmelding ynskjer Aurland kommune å kalle inn representantar for alle lag og organisasjonar til eit medverknadsmøte.

Frivilligmeldinga skal vere ei plattform for samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor i Aurland kommune. Etter tidlegare vedtak frå kommunestyret skal det denne hausten/vinteren utarbeidast ei frivilligmelding for Aurland kommune. Denne skal danne grunnlag for kommunen sin frivilligpolitikk. Meldinga skal vere:

  • Rettleiande – Tilskotsordningar og ressursar  
  • Framtidsretta – Tydelege mål for frivilligheita 
  • Handlekraftig – Det skal utarbeidast eigen handlingsdel  

Det har vore fleire møte dei siste åra, både på lokalt nivå og regionalt nivå knytt til denne prosessen, mellom anna eit møte mellom kulturavdelinga og lag og organisasjonar i 2021. I det avsluttande arbeidet med å få på plass ein frivilligmelding ynskjer me å kalle inn til eit felles møte med frivillige lag og organisasjonar i kommunen, der me sett agendaen for utviklinga av frivilligmeldinga. 

I møte blir det valt tre representantar frå frivillige lag og organisasjonar inn i ein arbeidsgruppe. Resterande frammøtte vil vere ein ressursgruppe i prosessen. 

Tidspunkt: 

Dato: 05. oktober 2023 

Tid: kl.17 – 19 

Stad: Heradshuset 

 

Program: 

• Kort om arbeid med frivilligmelding så langt. 

• Medverknad 

• Overordna mål og handling 

Her kan du lese referatet frå møtet som fann stad 5. oktober 2023: Oppsummering frå ope møte med frivillige lag og organisasjonar - Aurland kommune