Galleri Vinjum (2) Foto Aurland kommune

Galleri Vinjum

Då Johannes Vinjum døydde i 1991, fekk Aurland kommune ei kunstgåve, som består av om lag 120 bilete, skisser og personlege eigendelar som har høyrd til Johannes Vinjum. Denne er utstilt i Vinjum Galleriet i 2.etg på Heradshuset. Her kan ein sjå og oppleve kunsten frå den lokale kunstnaren.


Om kunstnaren

Johannes Vinjum (1930-1991) blei fødd i Aurland. Tross for svak helse, og kanskje på grunn av svak helse, byrja han som 19-åring på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I dei tre år han studerte her, blei det lagd merke til talentet hans. Teiknelærar Carl Von Hanno kalla han ”den største naturbegavelse som har levd”

I 1954 debuterte han med stor sukses på Statens Høstutstilling, men den eigentlege debuten fant ikkje stad før 24 år seinare med målarutstilling i Kunstnarforbundet og teikningar i Galleri K. I 1984 blei han valt til festspelutstillar i Bergen.

Vinjum budde i Oslo, men var sterkt knytt til Aurland heile livet. Naturen med fjord og fjell går ofte att i bileta hans. På utanlandsreisene sine blei han spesielt fenga av Chartreskatedralen. Ofte markerte han det overveldande i eit fjell eller ein katedral med ein liten menneskefigur.

Kunsten til Vinjum var i nokon grad inspirert av impresjonismen, som han kombinerte med ein heilt personleg malemåte.

Skrivebordet til Per Sivle i Sivlesamlinga Foto: Aurland kommune
Skrivebordet til Per Sivle

Sivlesamlinga

Sivlesamlinga ligg i 1. etg i Heradshuset. Her kan du sjå og oppleve ein del av gjenstande Per Sivle hadde. I tillegg til at utstillinga romma halve samlinga etter Per Sivle som den gong var ei gåve som vart delt mellom Aurland og Voss kommune, inneheld samlinga også ei utstilling av driftehandelen.

Om forfattaren 

Forfattaren Per Sivle var ein omstridd og folkekjær lyrikar, humorist, prosaist og avisredaktør, som mellom anna skreiv diktet «Den fyrste songen».

Per Sivle var fødd i Flåm. Mor hans døydde hausten 1859, og Per Sivle voks difor opp i tre ulike fosterheimar, det meste av tida hos familien Brekke på Brekke-garden ved Stalheim.

Frå 1872 gjekk Sivle to år på Jakob Sverdrups folkehøgskule i Sogndal, før han drog til Kristiania. Per Sivle jobba i manga år som journalist i tillegg til å ha skrive 15 bøker i forskjellege sjangerar.

Energiutstilling

Energiutstillinga ligg i 1.etg på Heradshuset. 

Utstilling har som mål å framstila rein energi, basert på vasskraft. Utstillinga tek også føre seg kraftutbygginga i Aurland, sidan Oslo Lysverker starta utbygging i Aurlandsdalen på 1960- talet, og fram til i dag.

Johannes Vinjum minnelegat

Ein hyllest til kunsten, og Vinjum vart det danna Johannes Vinjum minnelegat. Legatet sitt føremål er ved stipend å innby kunstnerar innan visuell kunst til bu- og arbeidsopphald i Aurland. Som motyting skal stipendmottakar leggje att eit kunstarbeid som skal tilfalla Aurland kommune og brukast slik legatstyret bestemmer.

Sjå her for meir informasjon om stipend ordninga.

Kulturvern og kulturminneplan

Kulturminneplan

Aurland kommune har hatt ny kulturminneplan/kulturarv 2020-2031 ute på høyring. Miljødepartementet og Riksantikvaren jobbar med eit kunnskapsløft for kulturminneforvaltning, og i samband med det får Aurland kommune økonomisk tilskot til å registrere kulturminne. Den førre planen er frå 1990. Prioriterte tema er: Stølsdrift/ stølskultur, krigens kulturminne (Den immaterielle arven etter krigen), og kulturminneforvaltning i eit endra klima. I fyrste omgang får kulturminne i Aurlandsdalen, inkludert stølar og drifteveg, eit ekstra fokus. Sjå planprogrammet for kulturminneplan her.

Målsetting for arbeidet med kulturminneplanen

  • Auka kunnskap om kulturarven
  • Sikre betre forvaltning av kulturarven
  • Gjennom desse to bidra til å utnytte den ressursen som ligger i kulturarven