Gruppe 1 sitt scenario var basert på eit behov for ny brannstasjon. Dei ynskte å plassere ny brannstasjon nærare E-16 og fant ut at tomta bak Sognaporten på Nyheim var aktuell. Utfordringane var mellom anna dyrka mark og kvikkleire. Dei foreslo at Aurland kommune skulle gjere eit makebytte med eigar av tomta, så dei ikkje mista verdifull dyrka mark.

Gruppe 2 ynskja utvikling på Onstadøyri – der brannstasjonen og bilverkstaden ligg no. Dei ville flytte brannstasjonen over vegen, ved sida av røde kors-huset, og verkstaden opp til Turlid transport. Så ville dei bygge cafè, bowlinghall og leilegheiter for busetting og utleige. Dei hadde fokus på at ein transformerte eit allereie utbygd område i staden for å bygge på ubygd mark. Målet var å trekke naturen inn i området og aktivisere elva meir.

Gruppe 3 så på utvikling av Odden og Aurland kjøle- og fruktlager – for utvikling av bustader, spesielt retta mot eldre. Utfordringa her var klimaendringane med meir ekstremvêr og bølgene frå eit eventuelt ras frå Joasetbergi. De ynskte å ta omsyn til Aurlandsmarknaden, og gjere mykje av område tilgjengeleg for allmenta. Planen var å rive kjølelageret og bygge 2-3 einingar i lik storleik som sjøbuene ved Brødrene Wangen.

Gruppe 4 jobba med utvikling i Flåm sentrum, nærare bestemt i Vikji. Dei ynskte å bygge fleire leilegheiter, både mindre einingar, og større familieeiningar. Dei nye einingane skulle vere i ca. 3 etasjar, og ligge tett opp mot Svingen pensjonat, for å skape ein heilskapleg utvikling i områder, og spare så mykje landbruksareal som mogleg. Utfordringane var ras og flodbølge – men dette hadde dei gode løysingar på.

Alle gruppene hadde gjort grundig analyse av tomtene, kor dei mellom anna brukte NVE sine kart, artsdatabanken, miljødirektoratet sitt økologiske grunnkart, og andre kjelder.

Tilbakemeldinga frå administrasjonen var at dei hadde gjort ein god jobb og at fleire av prosjekta er aktuelle i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.

Anja og Gøran frå planavdelinga har vore med 10. klasse i fleire omgangar i dette prosjektet og håpar dei kan få vere med på fleire slike inspirerande prosjekt med skulen framover.