Kven kan søkje om HC-kort?

Dersom du er busatt i Aurland kommune kan du bruka våre skjema. Dersom du er busatt i ein anna kommune, må du søkje hjå heimkommunene din. 

To vilkår må vera oppfylt for at din søknad om parkeringstillatelse som førar kan godkjennast: 

  • ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å røre deg over store lengdar

  • dokumentere eit særleg behov for parkeringsløyve på ein eller fleire konkrete stader, der du ikkje har høve til å bruke det ordinære parkeringstilbodet – til dømes ved bustad, arbeid, lege, sjukehus, behandlingsstader eller liknande 

Søkjer du som passasjer må eit tredje vilkår vera oppfylt: 

  • Du må ha legeerklæring og eigne opplysningar om du har behov for regelmessig hjelp utanfor motorvogna. Det må gjere greie for kvifor du eventuelt ikkje er i stand til å vente inne på for eksempel eit venterom, mens førar flyttar bilen til ein ordinær parkeringsplass etter å ha fulgt deg inn. 

Det blir gjort ein helsevurdering av søknaden på bekgrunn av mmedisinkse opplysningar frå legen din, og parkeringsbehovet som du sjølv oppgir. 

NB! Du må søkje enten som førar eller som passasjer. Har du fått HC-kort som førar, kan du ikkje bruka HC-kortet dei gongen du er passasjer. HC-kort er personleg og kan ikkje brukast av andre.  

 Viss du tidlegare har fått innvilga parkeringsløyve og dette har gått ut, kan du søkje på nytt. 

Du kan sende inn søknad med HC-kort via Skjema - Parkeringsløyve for forflytningshemma (pdf)

Du finn skjema under Skjema i pdf format -> Helse og omsorg 

Kvar kan du parkere med HC-kort?

Du kan parkere med HC-kort

  • på reserverte offentlege parkeringsplassar for forflyttingshemma 

  • på avgiftsbelagde offentlege parkeringsplassar utan å betale avgift og utover tillate makstid 

  • på offentlege parkeringsplassar som ikkje er avgiftsbelagde, utover tillate makstid 

Merk at tillatelsen ikkje opnar for ulovleg parkering på eksempelvis fortau, kryss, eller på plasser reservert for andre kjøretøy- og trafikantgrupper, som for eksempel ladbar motorvogn, ambassadar, varebil, taxi og buss eller liknande. 

Sjå statens vegvesen for HC-parkering i Aurland kommune.

Dersom du har mottatt parkeringsavgift

Dersom du har mottatt faktura eller blitt trukket parkeringsavgift og du har HC-kort, kan du sende inn ein klage.

Send ein skrifteleg klage til aurlandparkering@aurland.kommune.no

Legg ved dokumentasjon på at du har HC-kort, (det er nok med eit biletet av ditt HC-kort).