Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike årsaker står i fare for å hamna i utanforskap. 

Kven kan søke? 

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Frist for å søke

Fristen er 1. november 2024

Slik søker du 

  1. Set deg inn i regelverket og informasjonen på ordninga si nettside
  2. Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskudd. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til Aurland kommune (sjå tilskuddsordninga si nettside for unntak frå denne regelen). Det skal søkast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordninga si nettside for meir informasjon)

Etter at du har sendt søknaden

Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankra rangeringa av søknadane på besluttande administrativt nivå.

Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadane. Det vil vere informasjon på Bufdirs nettsider om forventa saksbehandlingstid.

Kontakt oss

Kristin Takvam Rekve 

Telefon: 99 20 71 98

E-post: kristin.takvam.rekve@aurland.kommune.no