Om Aurland legekontor:

Legetenesta i Aurland er organisert med fire legar, derav ein kommuneoverlege/fastlege og tre legar som går i 75% stillingar med alternativ arbeidstidsordning.  I tillegg har kommunen vanlegvis Lis1 (tidlegare turnuslege). Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinsk-faglege rådgjevar og ansvarleg for samfunnsmedisinske oppgåver i kommunen.

Gå til informasjon om fastlege og bytte av fastlege her 

Arbeidsområde:

Diagnostikk og behandling av sjukdom
Råd og rettleiing
Helsestasjon og skulehelseteneste
Tilsynsfunksjon ved Aurland helsetun

Legevakt på dagtid (Aurland er knytta til interkommunal legevakt lokalisert ved Lærdal sjukehus på kveld/helg)
Smittevern og miljøretta helsevern

 

Sjå også: Laboratoriet ved Aurland legekontor