Aurland kommune kjøper denne tenesta av Krisesenteret i Sogn og Fjordane som ligg i Florø i Kinn kommune.
Tilbodet skal gje brukarane støtte, rettleiing, hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet og skal omfatte:
a) eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og
b) eit gratis dagtilbod, og
c) eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon, og
d) oppfølging i reetableringsfasen