Individuell plan
Har du behov for langvarige og koordinerte helse – og omsorgstenester, kan du ha rett på koordinator og indviduell plan (IP). Koordinerande eining oppnemner i så tilfelle ein koordinator, som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet, samt framdrift i arbeidet med individuell plan.
IP-verktøyet Samspill
For å lette samarbeidet rundt individuell plan, bruker vi verktøyet Visma FLYT Samspill. Det er både ei kommunikasjonsplattform og ein elektronisk møtestad for alle som er involvert i arbeidet med individuell plan. Som ein IP skal vere, er den overordna og sektorovergripande - på tvers av faggrenser og forvaltningsnivå.
Det har fleire fordelar å bruke elektronisk IP:
- Planen kan endrast på fortløpande, og blir dermed eit "levande" verktøy
- Innkallingar og referat blir skrivne inn her
- Ein kan vere sikker på at ein alltid har den siste versjonen tilgjengeleg
- Verktøyet er tilgjengeleg på internett, i alle nettlesarar.
Tilgang
Brukaren er sjølv planeigar og kan gi andre tilgang til planen. Dette må skje gjennom informert samtykke og med signatur. I nokre tilfelle er det føresette eller verge som gjer dette.
Planeigar må gå gjennom tilgangane til alle i planen sin, og bestemme kven som skal ha tilgang, kva den enkelte skal få tilgang til og kor lenge dei skal få ha tilgangen. Dette skjer saman med koordinator.
For å komme inn i planen, må ein ha en brukarkonto. Koordinator oppretter det for planeigar og alle deltakarar.
Adressa er www.individplan.no