I samband med arbeid med Lærdalstunnelen er det behov for kolonneoppstillingsplassar på kvar side av tunnelen. Statens vegvesen gjekk i 2021 i gang med sondering av moglegheitene, mellom anna med synfaringar saman med Aurland kommune.

Planlagd kolonneoppstillingsplass ligg mellom Onstad og Nyheim, på sørsida av Aurlandselvi tett inntil E-16. Området ligg på beitemark og nær elv. Handtering av forureining i anleggs- og driftsfasen, omsyn til naturmangfald og vassdrag, og ivaretaking av jordmassar, er blant dei viktigaste miljøutfordringane med etableringa. Alle desse punkta har blitt vurdert i både ROS-analysen og i eigne rapportar/vurderingar.

Kolonneoppstillingsplassen og tilhøyrande tiltak er mellombels, og skal tilbakeførast etter at oppgraderinga av Lærdalstunnelen er gjennomført.

Det har vore fleire møter mellom Statens vegvesen, konsulent og kommunen for å finne fram til best mogleg løysing. Statens vegvesen har og hatt dialog med grunneigar i prosessen.

Oppgradering av Lærdalstunnelen er eit omfattande arbeid som vil gå føre seg over fleire år. Og sjølv om tiltaket er mellombels så er det viktig at prosessen har ivareteke viktige tema som jordvern, kulturmiljø, elva, støy og anna forureining. Kommunedirektøren meiner at omsynet til desse tema er godt opplyst og ivareteke gjennom planframlegget som no ligg føre.

Verknadene av planen i den perioden tiltaket vil gå føre seg er synt til med gode illustrasjonar, kor spesielt støy/lys-skjerm er tydeleg illustrert. Kommunedirektøren strekar under at støy er vanskeleg å vurdere før tiltaket er satt i gang, og at det er kommunen sitt ansvar for å følgje opp at støygrensene blir halde. Det er derfor ynskjeleg at det etablerast faste støymålingspunkt på andre sida av elva, nær campingplassen og/eller Furuly.

 

Ved spørsmål, kontakt HMKV@cowi.com, tlf: 476 02 800

Frist for uttale er 25. mars 2024.

 

Fråsegner skal òg sendast til HMKV@cowi.com, med kopi til stein.dyngen@vegvesen.no og post@aurland.kommune.no

Saksutgreiing og vedlegg finn du her