Service- og støttefunksjonar ved helsetunet:
Merkantilt støtteapparat
Kjøkken
Eit opphald i helsetunet er eit heildøgnstilbod i institusjon med helsepersonell tilgjengeleg heile døgnet. Viss du får tildelt opphold, blir du tildelt korttidsopphold eller langtidsopphold.
Helsetunet har 3 avdeling:
Demensavdeling - 8 plassar (2.etg)
Sjukeheimavdelinga - 8 plassar (3.etg)
Rehabiliteringsavdeling - 8 plassar (3.etg)
Korttidsopphald er tidsbegrensa, med høve til å søkje om forlenging av opphald. Tilbodet kan også vera rullerande, det vil sei at du vekselvis bur i eigen heim og på helsetunet. Eit langtidsopphald er permanent, med oppflging og tilsyn heile døgnet. Helsetunet er eit tilbod for personar med eit stort behov for omsorg og pleie heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus.
Informasjon om kommunalt pasient og brukarregister (KPR) og IPLOS
Informasjon om kommunalt pasient og brukarregister (KPR) og IPLOS
Søker du eller mottek helse- og omsorgstenester blir det registrert opplysningar om deg og ditt behov for hjelp. Desse opplysingar er ein del av din journal og er konfidensielle. Berre dei som trong det i sitt arbeid skal ha tilgang til opplysingane, og dei har tausheitsplikt.
IPLOS er lovbestemt helseregister som beskriver ressursar og bistandsbehov til dei som søker om eller mottek kommunale helse og omsorgstenester. Registeret er et sentralt helseregister og er heimla i helseregisterlova .Registrering av kartleggingsdata er ein del av kartlegginga, og kommune har ein plikt til å sende inn opplysingar jf. forskrift om pseudonymt register for individbasert helse – og omsorgsstatistikk § 2-1. og forskrift om kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) § 3-1. Opplysningar i IPLOS er pseudonymt dvs. identitet blir ikkje røpt. Det er ikkje påkrevd særskilt samtykke til registrering av IPLOS opplysingar i sakshandsaming, men søker / tenestemottakar kan reservere seg mot at diagnoseopplysingar sendast til IPLOS registreret (Statsforvaltaren: IPLOS rettleiar)
Pleie og omsorgstenester har utredningsplikt jf. forvaltningslova § 17 og IPLOS kartlegging er eit hjelpemiddel for:
- å syte for at informasjon er gitt og dokumentert
- kartlegging av livssituasjon og evne til meistring
- kartlegging av kva som skal til for å dekke hjelpebehovet
- avklaring for kva som skal vere målsetjing med tenesta
- å vurderre om vilkår for tenester er oppfylt
- å syte for betre kvalitet i tenestane
Du kan lese meir om KPR og IPLOS:
Til deg som ønskjer å vite kva som står om deg i IPLOS-registeret
Informasjon om helse og omsorgstenester i Kommunalt pasient- og brukarregister: Frå IPLOS til KPR
Aurland helsetun - tenesteerklæring
Tenesta si målgruppe
Personar som treng plass i ein overgangsfase etter opphald ved sjukehus · Personar som treng tett medisinsk oppfølging · Personar som treng aktiv behandling / rehabiliteringsplass · Personar som treng avlastingsopphald · Personar som er alvorleg sjuke · Personar som treng omsorg ved slutten av livet
Søknad skal sendast til:
Aurland kommune, pleie og omsorg
Vangen 1
5745 Aurland
Aurland Helsetun skal gi kvar brukar ei oppleving av å motta pleie, trening og omsorg i eit miljø som er prega av livskvalitet, aktivitet og respekt.
Tenesteerklæring AURLAND HELSETUN
Langtidsplass, kortidsplass, avlastingsopphald, vekselpleie, sjukepleie, legetilsyn, fysioterapi, ergoterapi, hår og fotpleie, tannpleie, vaskeri for private klede, sosiale aktivitetar
Kontor: Aurland Helsetun
Sjukeheimsavdeling: 45327080
Rehab. avdeling: 45327090
Skjerma eining: 45327085
Kjøkken: 45871442
Personar som treng plass i ein overgangsfase etter opphald ved sjukehus
Personar som treng tett medisinsk oppfølging
Personar som treng aktiv behandling / rehabiliteringsplass
Personar som treng avlastingsopphald
Personar som er alvorleg sjuke
Personar som treng omsorg ved slutten av livet
Søknad skal sendast til pleie og omsorgstenesta i Aurland kommune. Du vil få svar på søknaden innan tre veker etter at søknaden er motteken.
Langtidsplass er plass ved helsetunet som varar lenger enn 60 dagar. Vi nyttar betalingssatsar etter retningsliner vedtekne av Stortinget.
Alle bebuarane får eit variert og helsebringande kosthald. Vi sikrar at bebuarane sine grunnleggjande behov for hygiene, mat, søvn/kvile vert dekka.
Avlastingsopphald:
Institusjonen kan tilby tidsavgrensa avlastingsopphald til personar og familiar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.
Dersom ein brukar periodevis ikkje kan bu heime, er det høve til å søke om vekselpleie. Brukaren bur då til dømes to veker heime og ein månad på institusjon. Tiltaket kan vare over tid, avhengig av problematikk og heimesituasjon.
- sjukepleiefagleg behandling.
- legetilsyn med medisinsk behandling og oppfølging. Lege er på
helsetunet ein gong i veka.
- fysioterapi som hjelper deg til å oppretthalde eller trene opp att ein så
god funksjon som råd. Fysioterapeut hjelper til med trening, tilbodet er
gratis.
- ergoterapeuten arbeider med personar som står i fare for å miste si
evne til å utføre daglegdagse gjeremål. Ergoterapeuten er til stades ved
behov. Tilbodet er gratis.
Hår og fotpleie kan du bestille ved helsetunet. Frisør og fotpleiar er til stades ved helsetunet ca. 2 gonger pr. månad. Desse tenestene betalar brukar sjølv.
Vi syter for at brukarane får naudsynt tannbehandling og ivaretek den daglege munnhygiene.
Ved innlegging får kvar brukar tildelt sin pasientansvarlig sjukepleiar. Pasientansvarlig sjukepleiar er din kontaktperson, om det er noko du lurer på eller vil ta opp. pasientansvarlig sjukepleiar vil vere dei pårørande sin kontaktperson. Pasientansvarlig sjukepleiar skal ha oversikt over brukar sine behov. Pasientansvarlig sjukepleiart kan stå for innkjøp av det brukar treng, dersom brukar, pårørande eller verje ynskjer dette.
- vi hjelper til med å ivareta personleg hygiene og naturlege funksjonar
- høve til individuelle samtalar
- tilpassa hjelp ved måltid, og nok tid til å ete Vi motiverer brukarane til
sjølvhjelp
- vi freistar å gi brukar tryggleik i det daglege Vi legg til rette slik at
brukarane unngår uønska opphald i seng
- vi gjev mulegheit for ro og skjerma privatliv, sjølvstende og styring av
eige liv
- den einskilde brukar og deira pårørande skal få oppleve å verte
ivaretekne og respektert
- vi legg til rette for brukarmedverknad for brukar og deira pårørande. Vi
legg til rette for ein verdig avslutning på livet
Frukost: 08.30
Lunsj: 12:00
Middag: 14:30
Kaffi: ca 16:00
Kveldsmat: 18.00/18:30
Sein kvelds til dei som ynskjer det
Bebuarane får dusje når dei sjølv ynskjer det, og etter behov.
- at de gjev utrykk for dykkar ynskje
- respekt og forståing for at vi ikkje hjelper på område der brukar kan
klare seg sjølv
- samarbeid med brukar og pårørande om å trene opp att funksjonar
- at brukar eller pårørande set namn på alle klede før innflytting,
heimesjukepleien kan hjelpe til med å bestille navnelappar før innkomst
- at den enkelte tilsett/tenesteutøvar vert møtt med respekt
- all røyking skal i utgangspunktet føregå utandørs, men unntak kan
gjerast for bebuaren.
- det er ikkje høve for pårørande/besøkjande å røyke innandørs
Alle som arbeider ved Aurland Helsetun har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.
Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side.
Klage skal sendes til:
Aurland kommune, pleie og omsorg
Vangen 1
5745 Aurland