Skulen har som motto og visjon:
OPP og FRAM med Flåm
O - omsorg for dei rundt oss, menneske og miljø
P - positive tankar, ord og handlingar
P - parat til å ta imot det verda byr oss
og
F - frisk - fysisk aktive, godt inneklima, god hygiene, fokus på mat, helse og estetikk
R - reflektert - tenka gjennom ord og handlingar, tora å stilla spørsmål
A - allsidig - utforska, tora å utfordra oss sjølve, prøva ulike innfallsvinklar og arbeidsmåtar
M - målretta - setja oss mål og gå i rett retning, justera undervegs
Skulen er òg ”teaterskulen”. Kvart andre år er heile skulen med på oppsetjing av teater i vårhalvåret.
Sørviserklæring Grunnskulen og SFO i Aurland
I samarbeid med heimen skal skulen utvikla kunnskap, ferdigheiter og haldningar hos elevane. Det er grunnleggande for læring at elevane kjenner seg trygge og inkluderte i
- Elevane skal kjenna seg trygge og trivast på skulen, få vener og ta del i felles aktivitetar.
- Elevane skal ha trygt fysisk miljø ute og inne, ha stimulerande læringsmiljø og rett utstyr.
- Elevane skal oppleva trygge vaksne som ser behova deira, tek omsyn til den einskilde eleven, er trygge leiarar og gode forbilde.
- Elevane skal oppleva trygge og engasjerte vaksne som er saman med elevane i motiverande læringsaktivitetar og samtalar.
- Elevane skal oppleva respekt og støtte frå skulen ved at lærarane har positive forventningar til læringa deira og hjelper dei til å forstå kva som skal lærast.
- Elevane skal oppleva at dei får tilpassa faglege utfordringar som dei kan meistra.
- Elevane skal forstå kva som er læringsmåla for arbeidsøktene, få tilbakemelding på arbeidet sitt og få hjelp til å reflektera over korleis dei utviklar seg i faga.
- Elevane skal kjenna reglane som gjeld på skulen. Dei skal oppleva at skulen reagerer konsekvent når reglane blir brotne.
- Føresette blir gjort kjende med rettar og plikter dei har som føresette etter lovverket.
- Føresette blir gjort kjende med omgrep som «tilpassa opplæring», «meldeplikt» og korleis skulen sitt samarbeid med ytre støtteapparat, til dømes PPT, helse og barnevern fungerer.
- Føresette blir gjort kjende med vurderingssystema ved skulen, (kjenner til) klagerettar og saksgang i slike saker.
- Føresette blir gjort kjende med kva forventningar skulen har til dei som part i samarbeidet med skulen.
- Føresette skal få rett og nødvendig felles og personleg informasjon gjennom faste avtalte kanalar.