§ 1 Heimel, kapital og avkastning

a.Fondskapitalen er:
Næringsfond på kr. 2.000.000,- innbetalt av Oslo Lysverker i medhald av konsesjonsvilkåra for Aurlandsvassdraget, oppretta ved kongeleg resolusjon av 26.09.1969. Fondskapitalen kan berre nyttast til lån, herunder ansvarleg lån, og/eller setjast av til garantifond.

b.Avkastning er:

  • Årlege konsesjonsavgifter, for tida kr. 16.200.000,- som vert innbetalt av konsesjonseigaren i medhald av konsesjonsvilkåra for utbygging av Aurlandsvassdraget.
  • Renter og anna avkastning av fondskapitalen gitt ved kongeleg resolusjon.

Avkastninga kan nyttast til tilskot og til betinga lån.

§ 2 Føremål

Fondet skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Aurland kommune. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak.

Avgrensing:

  • Bedriftsutviklingstiltak
  • Investeringar i bedrifter
  • Kommunalt tiltaksarbeid
  • Kommunale næringsretta grunnlagsinvesteringar

Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til løpande drift i verksemder og kommunen. Det kan gjerast unntak for renter og avdrag på næringsretta investeringar i kommunen, løn til næringssjef, forvaltning av fondet og kommunale prosjekt/tiltak som er gjort i tråd med fondet sitt føremål.

Ingen har krav på tilskot frå fondet. Alle prosjekt/tiltak vert vurdert i forhold til betydning, lønsemd og konkurransesituasjonen i kommunen.

§ 3 Stønadsformer

Stønad kan gjevast som lån. Vidare vil det kunne stillast garantiar for kommunale tiltak i den grad slike er gyldige garantiføremål etter kommunelova § 51, jfr. departementet sine forskrifter om kommunale garantiar.

Frå midlane som vert tilført fondet kan det òg gjevast tilskot og ansvarleg lån/lån på vilkår. Midlane bør ikkje nyttast til å teikne aksjar i private verksemder, likevel med følgjande unnatak:

  • Verksemder som produserer varer eller tenester som har særs relevante ringverknader for kommunen sitt næringsliv. Ei slik teikning skal vere avgrensa til 30 % av aksjekapitalen.
  • Utviklingsselskap, utleigebygg og liknande som kommunen etablerar åleine, eller i samarbeid med private interesser.

§ 4 Forholdet til internasjonale regelverk på statsstøtteområdet

Bruken av midlane frå fondet må vera i samsvar med dei internasjonale regelverk som Noreg har slutta seg til på statsstøtteområdet.

§ 5 Stønadsvilkår

Samla stønad frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje utgjere meir enn 50 % av samla kapitalbehov for prosjektet.

Maksimal stønad (tilskot og eventuelt subsidieelement i lån med nedsatt rente) skal følge reglane om bagatellmessig stønad.

§ 6 Forvaltning

Kommunestyret vedtek reglar for bruk av konsesjonsavgiftsfondet i Aurland kommune. Reglane skal vera i tråd med vedtektene og retningsgjevande for bruken av midlane.

Kommunestyret vel fondstyre. Fondstyret kan vidaredelegere til rådmannen å gjere vedtak i saker som reknast å vera kurante. Eit mindretal i fondstyret kan anke ei sak inn for kommunestyret.

Vedtak i saker som gjeld søknad om stønad frå fondet er enkeltvedtak etter § 2 i forvaltningslova, og kan påklagast etter § 28 i forvaltningslova.

Fondsmidlane vert plassert som ein del av den totale finansforvaltninga i kommunen.

Renter og avdrag skal tilbakeførast til fondet. Budsjett og rekneskap skal utarbeidast i tråd med gjeldande lovverk, regelverk og forskrifter.

Kommunen si økonomiavdeling fører rekneskap for fondet. Rekneskapen for fondet er ein del av kommunen sin rekneskap og skal reviderast av kommunen sin revisor.

§ 7 Årsmelding

Kvart år skal det leggjast fram ei melding om aktivitet og rekneskap for fondet for kommunestyret. Det skal som ein del av årsrekneskapen lagast ei samla oppstilling over fondet sine inntekter og utgifter. 

§ 8 Godkjenning av vedtektene

Endring av vedtektene skal gjerast av kommunestyret.