Otternes 2013 Foto Britt Kari Kalhagen
Foto Britt Kari Kalhagen

Otternes byggdetun

Otternes Bygdetun er et klyngetun med 27 gamle bygninger fra 1700-tallet. Frå tunet er det fantastisk utsikt mot Aurlandsfjorden og Flåm.

Gardene blei driven på gamlemåten heilt fram til det blei fråflytta. Det er fint å gå rundt på gardstunet og sjå på dei gamle bygningane og nyte den vakre utsikten mot fjorden og fjellene. På Otternes kan man kjenne på kjensla av korleis livet var i gamle dagar. Gardstunet er blitt teken godt vare på, og blir i dag driven av Stiftinga Otternes Bygdetun. Stiftinga har som formål å forvalte kulturminnet på Otternes ved å syte for naudsynt vedlikehald og at det skjer ei løpande restaurering og tilrettelegging av fasilitetar for bruk, forankra i eit aktivt planverk for ivaretaking, formidling, oppleving og verdiskaping.

I 2008 utarbeidde Geirr Vetti og Mons Kvamme ei kulturhistorisk vurderinga av Otternes Bygdetun. Her vert det m.a. slege fast at det er viktig å vere klar over at verdiane i tunet er knytte til fleire ulike forhold, ikkje berre alderen på busetjingane og dei einskilde bygningane. Det at heilskapen i tunet er så godt teken vare på er eit viktig punkt. Eit anna poeng, seier vurderinga, er knytt til autensiteten; ”Reparasjoner og vedlikehold har vært utført med pietet og respekt for den tradisjonelle byggeskikken i tunet.”

Ryggjakyrkja - Tusenårstaden i Aurland

Det er rimeleg å tru at Ryggjakyrkja kan ha vorte bygd i byrjingi på 1100 – talet. I alle fall i mellomalderen. Enten har ho vorte bygd like etter Sigurd Jorsalfar si krossferd i 1108 – 1111. Kong Jorsalfar var dommar i saki mellom aust og vest, i striden mellom dei to mektige lendmennene Jon Peterson frå Aurlandsætti og Kale Kollson frå Agder. Dei hadde ein krangel om kven som var dei mektigaste lendmennene i Noreg. Det enda med drap på begge sider, men Sigurd Jorsalfar mekla og fekk Jon Peterson til å gifta seg med søster til Kale. Ho heitte Ingrid Kollsdotter og var av ei religiøs slekt. Dei gifte seg i 1129, og ho vart husfrue på Aurdalsgodset i Aurland.

Året etter i 1130 fekk dei ein son som fekk namnet Brynjulf. Det dei trur er at ho som var religiøs, har bede husbonden sin, Jon Peterson, om å få bygd ei kyrkje på Rygg.
Det kom eit skriv frå København om at Ryggjakyrkja skulle rivast, og det var fordi at steinkyrkja på Vangen no var vorten soknekyrkje. Grunnsteinen vart lagd 2. mai i 1202. Ho vart bygd i perioden 1202 – til ca.1280.

Ryggjakyrkja vart riven kring 1575. Det finst restar av stavkyrkja på Rygg i dag. Mykje av kyrkjetømmeret for hit og dit. Ein del av tømmeret landa i Korskirken i Bergen. Litt inventar og utstyr hamna på museet i Bergen. Ein veit òg at noko av tømmeret vart brukt på gardane i Aurland.

Kyrkjegarden på Rygg vart brukt like til 1806. I dag er det eit freda kulturminne.

På 1950-talet vart det sett opp ein bautastein for å markere tufti. Nord for bautasteinen ligg ei steinrøys om lag der Ryggjakyrkja skal ha stått. Sjølve steinrøysa veit ein ikkje så mykje om. Lokalhistorikar Anders Ohnstad meinte at røysa var eit minne om ein gamal stormann frå før Ryggjakyrkja vart bygd.

Nokre meter bortanfor bautasteinen ligg ein annan stor stein, den sokalla Bønesteinen. Han skal ha vore samlingspunkt for dei siste 6-7 menneske som levde att etter Svartedauden i Aurland. Steinen er òg interessant i geologisk samanheng, slik den ein gong må ha blitt plassert på eit framspringande punkt av den veldige innlandsisen.

I år 2000 vart kyrkjetufti på Rygg valt til Aurland kommune sin Tusenårsstad. I grunngjevinga frå innstillingskomiteen vart det mellom anna lagt vekt på staden sin sentrale rolle i Aurland sin kultur- og religionshistorie.

Screenshot av flicker sida
Bilder som er tilgjengelig på Flicker

Lokalthistoriske biletarkiv

I Aurland kommune har det vore gjort eit omfattande innsamlingsarbeid av bilete. Nokre av dei er tilgjengeleg på Flickr.

Bokhylla boksal
På rådhuset får du kjøpt lokalhistorie

Sal av lokahistorisk litteratur

Ynskjar du å kjøpa lokalhistorie? Bøker om lokalhistorie og soger blir no selt på rådhuset.

I første etasje på rådhuset vil du finne bokhylla med samling av lokalhistorie og soger kring Aurland kommune.


Prisar og betaling

Ved bokhylla vil du finne prislista.

Du kan betale for bøkene med betalingsterminal eller Vipps. 

Rådhuset er opent måndag til fredag 08:00 - 15:30.