Bli din eigen energirådgjevar
Skriv adressa di på http://aurland.energiportalen.no, og få tilgang til ei gratis energianalyse av bustaden din. Du legg inn dei opplysingane som er rett for din bustad, til dømes kor mange personar som bur der, kva oppvarmingskjelde de brukar, innetemperaturen med meir. Etter at opplysingane er lagt inn får du fram forbruket ditt.
Prøv ut ulike tiltak
Du kan prøve ut ulike energitiltak i bustaden din og finne det energitiltaket som gir mest innsparing og passar best for din bustad. Vidare vert det lista opp dei leverandørane som kan utføre arbeidet med energitiltaket. Handverkarane vert lista opp etter geografisk nærleik til adressa di. Det er ingen komeersiell binding mellom handverkerane og Energiportalen.
Dersom du treng hjelp til å bruke portalen: Ring Enøktelefon 47 22 20 76 eller send e-post til energiradgiver@entelligens.no
Energiportalen på 1 - 2 - 3