GENERELT
Oppmerking av tidlegare oppmålte grenser kan bestillast viss grensemerka er vortne fjerna. Typiske situasjonar er når det blir utført arbeid eller tiltak i grenser.
OM SØKNADSPROSESSEN
Korleis gå fram?
Grensepåvising blir utført av kommunen, ved kart- og oppmålingsavdelingen. Bestillinga skal innehalde ei skildring som tydeleg viser kva punkt som skal setjast ut (kopi av målebrev eller kart som viser kva punkt som skal setjast ut).
Føresetnaden er at grensa må vere tidlegare oppmålt/koordinatfesta. Dersom dette ikkje er tilfelle, må oppmålingsforretning bestillast.
Søknadskjema
Rekvisisjon av oppmålingsforretning etter Matrikkellova - unntatt frå byggesakshandsaming