Barnekoordinatoren vil blant anna:
- Gi informasjon og rettleiing om familiens rettigheter og om kommunens tenestetilbud
- Formidle kontakt til aktuelle organisasjonar, for eksempel pasientorganisasjonar
- Sørge for framdrift av Individuell plan dersom barnet har det
- Sørge for at det er samarbeid mellom dei ulike tenestene ,for eksempel barnehage, skule, SFO, PPT tenesta og andre
- Koordinera alle offentlege tenester (kommune, fylkeskommune og stat) og private som yter tenester til det offentlege.
Kven kan få barnekoordinator?
Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne har rett på barnekoordinator. Eit ynskje om barnekoordinator kan frammast både skriftleg og munnleg. Når kommunen har kjennskap til behov som kan gi rett til barnekoordinator, skal kommunen på eige initiativ rettleie familien om rettighet, og ta initiativ til ein rettigheits vurdering dersom familien ynskjer det.
Retten til barnekoordinator er ikkje ei teneste du kan søke på. Kommunen skal sjølv tilby tenesta til familiar som har barn med samansett hjelpebehov. Du kan uansett ta kontakt med helsetenesta i kommunen og ta initiativ til å få ein barnekoordinator.
Det som er sentralt for vurdering til rett til barnekoordinator skal vera hjelpebehovet barnet har, og om barnet har/vil ha behov for fleire helse-og omsorgstenester. Det er koordinerande eining som har det overordna ansvar for oppnemning av barnekoordinator.
Sjølv om familien ikkje får ein barnekoordinator, skal du få eit tilbod i kommunen som baserer seg på samarbeid mellom tenestene og du har rett til eit heilhetlig tilbod.
Søknadsklage
Dersom du meiner du har rett til ein barnekoordinator og ikkje har fått det, kan du klage til statsforvaltaren. Henvis til pasient- og brukerrettighetsloven § 7 – 2 Klage.
Er du misfornøgd med kvaliteten på barnekoordinator-tenesten, kan du klage på det. Da klager du til koordinerande eining i kommunen.
Lover
Retten til barnekoordinatr er lovpålagt i helse- og omsorgstjenesteloven § 7 – 2a. Plikten til å samarbeida mellom tenestene er i tillegg lovpålagt i mange lover:
Tannhelsetjenesteloven § 1 - 4a
Barnevernloven § 3-2 og 3-2a
Familivernkontorloven § 1a
Opplæringsloven § 4A-14 og § 15-8
Privatskoleloven § 3-6a
Spesialisthelsetjenesteloven § 2-1e og § 2-5a
Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5c
Barnehageloven § 2b
Nav-loven § 15a
Krisesenterloven § 4
Sosialtjenesteloven § 13
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-4 og 7-2a
Integreringsloven § 50
Skjema
Søknadsskjema koordinator, barnekoordinator og individuell plan