Tilbod til 1. og 2. klasse (Grunnopplæring)
Grunnopplæringa er eit tilbod for deg som går i 1. eller 2. klasse (viktig å velje riktig klasse!)
Undervisninga går føre seg i gruppe, med vekt på song, rørsle, dramatisering og leik.
Det er både grunnopplæring tilbod i Aurland og Flåm, tall grupper og samansetting er avhengig av tal påmeldte.
Når du har gått gjennom grunnopplæringa i 1. og 2. klasse kan du velje eit av dei andre tilboda frå og med 3. klasse.
Musikk
Bassgitar
Om det finnes noko som 'det viktigaste instrument' i band, da må det nesten vere bassgitaren!
Bassen skapar fundamentet i akkordane og er avgjørande for 'groove' eller 'swing'.
Utan bass ingen puls i musikken! Men bassen kan like godt ha ein melodisk solo!
Ynskjer du å heve bandet til nye høgdar, da er bassen kanskje noko for deg!
Gitar
Det er mange som har ein gitar liggande... Kjekt å bare kunne ta opp gitaren og spele litt.
Me fokusera i første omgang på repertoar og teknikk. So fort som muleg starta me i band og gjere oss klare til konsert.
Alt er muleg: elektrisk gitar i rockeband, kasse-gitar, singer-songwriter, folkemusikk, m.m
Piano
Lær og spel favorittlåtane dine etter notar og besifring. Vakre melodiar, tøffe rockeriff eller klassiske perler.
Trommer/Slagverk
Likar du rytme? Da er tromme kanskje noko for deg!
Du lærar å spille trommesett og ulike andre perkusjonsinstrument.
Vokal
Liker du å syngje? Da er sangundervisning noko til deg!!!
Her får du inspirasjon til å syngje, tryggheit til å sleppe fri stemma, både heima, i kor eller på skulen.
Du lærar å formidle musikk, utvikle tekniske ferigheitar, og følelsesuttyrk gjennom stemma.
Undervisninga er tilpassa dine mulegheiter og musikksmak.
Målet er å få elevane til å fungere både sjølvstendig og i gruppe/bandsituasjon.
Noen ynskjer å blir profesjonelle songarar, mens andre ynskjer musikk som hobby.
Uansett er musikk ein viktig del av livet!
Dans
Det vert danseverkstad for alle på torsdagar i AIS. Her får elevane lære seg ulike dansar, som hip hop, streetdance, moderne, jazz, rørle og drama m.m. Det vert lagt vekt på medverknad frå elevane slik at opplegget vert skapt saman med dei. Gunn Wester vert læraren for alle parti. Det kan bli endringar dersom fåe påmelde, men det vil de få info om.
Gruppe 1: 3.-4.klasse kl 15
Gruppe 2: 5.-7. klasse kl 16
Gruppe 3: 8.-10. klasse kl 17
Biletkunst
Opplæring i teikning og måling med akvarell og akrylfargar.
Det vert lagt opp til praktisk arbeid i grupper med fagleg rettleiing frå lærar.
Undervisninga føregår i gruppe på onsdagar i ABU si handverkslokal.
Innmelding og utmelding Aurland kulturskule
Frist for påmelding til undervisning for hausten er 20. juni kvart år. Men det er fortsatt ledige plassar.
Søknad om plass- og /utmelding av kulturskulen vert gjennomført elektronisk.
Du kan melde deg inn i kulturskulen her
Det er sjølvsagt mogeleg å melde seg på elles i året også, men då vert du sett på venteliste. Du vert oppteken som elev dersom me har ein lærar som har ledig plass til deg.
Musikk og kulturskulen følgjer skuleruta, men me startar opp veka etter skulestart på hausten.
Utmeldingar:
Ved utmeldingar skal elevar/føresatte gjere det gjennom www.speedadmin.dk
Frist for utmelding i løpet av året er 1. desember. Du kan melde deg på fortløpande gjennom heile året. Da får du tildelt plass etter kapasitet.
www.speedadmin.dk er ei viktig side for elevar og føresatte etter påmelding. Her ligg all informasjon de treng om timar, stad og lærar. I tillegg får de alle beskjedar på den e-postadressa de har registrert dykk med.
Kulturskulen på Russisk/Ukrainsk
Lærarar
Kulturskulerektor:
Katrine Clausen Fredheim: 995 20 683
Vegard Arnesen Bakke: 412 51 846
Musikklærar, leiar kutlur-prosjekt
Øyvind Ottesen: 47 80 63 30 - oyvind.ottesen@aurland.kommune.no
Musikklærar på vokal, gitar, bass, slagverk, grunnopplæring 1 og 2
Gro Anita Stentvedt: 97 06 36 61 - gro.anita.stentvedt@aurland.kommune.no
Lærar biletkunst
Venus Børresen: 921 17 420
Lærarar Danseverkstad
Ver venleg å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål eller informasjon til oss.
Med musikalsk og kunstnarleg helsing får oss.
Tenesteerklæring Kulturskulen
Aurland kulturskule skal arbeida for å styrka den kulturelle fellesskapen i Aurland kommune. Føremålet med tenesta er at barn og unge skal få høve til å utvikla og presentera dei kunstnarlege og kreative evnene sine gjennom musikk- og kunstopplevingar, utan omsyn til alderen eller funksjonsnivået deira.
Likeverd, ærlegdom og respekt er dei grunnleggande verdiane som skal prega alt arbeid og alle tenestene i Aurland kommune.
Kvaliteten på tenestene skal målast ved jamlege brukarundersøkingar. Spørsmåla i desse brukarundersøkingane samsvarar med utvalet av arbeidsmål slik dei er formulerte under.
Dei tilsette i kulturskulen skal arbeida for at:
Elevane skal oppleva fagleg utvikling.
Elevane skal oppleva at læraren motiverer dei.
Elevane skal få undervisning tilpassa nivået sitt og utfordringar som dei kan meistra.
Elevane skal oppleva at læraren har forventningar til utviklinga deira.
Elevane skal trivast i samspel med andre elevar i kulturskulen.
Elevane skal oppleva respekt og at lærarane lyttar til meininga deira.
Elevane skal oppleva meistring og glede ved å opptre på konsertar, utstillingar og liknande.
Elevane skal oppleva høg standard på instrument, utstyr og læringslokale.
Dei føresette skal oppleva at eleven har god fagleg og sosial utvikling.
Dei føresette skal oppleva at eleven kjenner seg trygg og inkludert i kulturskulemiljøet.
Dei føresette skal oppleva at eleven føler han kan påverka læringsmåla sine.
Dei føresette skal oppleva god kommunikasjon med lærarar og leiinga ved kulturskulen.
Dei føresette skal oppleva at samarbeidet mellom kulturskulen og heimen fungerer godt og er prega av gjensidig respekt.