Med digital postkasse får du tilgang til posten din på ein rask og trygg måte - same kvar du er i verda.
Aurland kommune er klar til å senda deg post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i saksbehandlinga, redusera papirforbruk og CO2-utslepp knytt til transport og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt – raskt, trygt og alltid tilgjengeleg!
Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:
- Det er tryggare enn all anna postgang.
- Du får breva dine raskare enn på papir
- Det er gratis å bruka.
- Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad
- Breva er tilgjengelege over alt der du har internett
- Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.
- Du sparar miljøet med mindre avfall og transport
Kva treng eg for å opprette ein digital postkasse?
Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til dømes BankID eller BankID på mobil.
Korleis får eg digital postkasse?
Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post.
Om du er klar til å opprette digital postkasse så klikk på knappen under!