Aurland kommune sitt ansvar for brøyting og strøing avgrensar seg til:
1) Kommunale vegar og areal som vert nytta i kommunal tenesteproduksjon, t.d. skule, barnehage, institusjonar.
2) Vegar/strekningar der det er gjort avtale om brøyting/strøing mellom brukar/oppsitjar gjennom heimehjelp/ heimesjukepleie /kommunehelsetenesta.
3) Areal/vegar der det gjennom leigeavtalar er avtalt kommunal brøyting/strøing.
Areal som fell utanfor punkt 1-3 vert derfor ikkje brøyta eller strødd av Aurland kommune. Det medfører at dei som bur langs strekningar som ikkje er omfatta av punkta 1-3 må organisere/stå føre dette arbeidet sjølv.
4) Privatpersonar som ønskjer å inngå avtale om kommunal brøyting mot vederlag, kan ta kontakt med teknisk eining for å inngå slik avtale. Teknisk eining vil då kunne inngå slike avtalar så langt tenesteininga har kapasitet. I motsatt fall må vegeigar gjere avtale med privat entreprenør om slik brøyting.
Meldingar om manglande brøyting og strøing på vegar område Aurland kommune har ansvar for skal meldast direkte til desse telefonnummera:
På dagtid mellom 08.00-15.30
Tenesteleiar teknisk eining, Reinhardt Sørensen, telefon 959 84 604
Aurland kommune, sentralbord, telefon 57 63 29 00
Utanom arbeidstid, mellom 15.30 - 08.00
Teknisk vakt 959 84 600
Bruk av desse telefonnummera vil sikre deg direkte tilbakemelding om kan du kan forvente kommunale tenester innan brøyting/strøing der du bur.
Teknisk eining