Reglament for Johannes Vinjum kunstnarstipen (reglementet er frå 2023, kan komma oppdatering i 2025)

  • Deltaking er open for kunstnarar innan bilde - og fotokunst.
  • Stipendet består av ein pengesum på kr. 30.000,-
  • I tillegg mottek vinnaren opphald i Aurland ei helg i samband med tildelinga
  • Reiseutgifter for stipendmottakar blir dekt til ein sum på maks. kr. 3000,-
  • Stipendmottakar får moglegheit til å stille ut ved gjestegalleriet Galleri Vinjum/ Heradshuset. Anten utstilling eller salsutstilling

Stipendmottakar forpliktar seg til:

  • opphald i Aurland kommune helga då stipendet vert utdelt
  • å leggja att eitt kunstverk inspirert av Johannes Vinjum, som skal tilfalla Aurland kommune og brukast slik legatstyret bestemmer.
  • Det er ei føremon at vinnaren av kunstlegatet gjer seg kjent med kunstnaren Johannes Vinjum og hans kunstverk

På kva måte deltek du?

Send ein søknad til post@aurland.kommune.no med tittel "Søknad Johannes Vinjum kunstnarstipend

Søknaden skal bestå av:

  • Søknadsbrev med motivasjon for søknaden
  • Personleg informasjon og CV
  • Maksimal 10 bilete av eiget verk i PDF format

Aurland kommune returnerer ikkje dei innsendte søknadane/ PDF-bilete. Aurland kommune skal ikkje bruke det tilsendte materiellet i kommersiell forstand eller i utstillingar. Dette gjeld ikkje stipendmotakaren.

SØKNADSFRIST: blir annonsert seinare for 2025

Tildelingsporsess

  • Stipendjuryen (4 personar) består av legatstyret, tenesteleiar for kultur i Aurland kommune og eit fagjurymedlem valt av styret i samarbeid med fagmiljøet.
  • Jurymedlem rangerar søknadar kvar for seg og møtast i eit jurymøte i juni 2023
  • Når juryen har kome til ein konklusjon blir resultatet kunngjort i august 2023, og det blir gjort avtalar om utdeling av stipend, opphald i Aurland, utstilling, m.m. med stipendmottakaren