Fysisk aktivitet

Mosjon er viktig for å oppretthalde styrke, balanse, kondisjon og bevegelighet.

  • Dersom du har hatt eit større funksjonsfall og kan trenge tettare, individuell oppfølging kan kvardagsrehabilitering vere noko for deg, les meir her: kvardagsrehabilitering

Kva kan du gjere sjølv innandørs:

  • plasser dei mest brukte ting i benkehøgde
  • bruk ei stødig gardintrapp med ramme som du kan halde deg i når du skal hente noko som står høgt oppe
  • fjern tepper på golv (det er lett å snuble seg i tepper)
  • ikkje ha for mykje møbler slik at det er lettare å bevege seg i rommet
  • unngå leidningar som ligg laust på golvet og unngå bruk av skøyteleidningar
  • syt for god belysning, ha lys lett tilgjengeleg på natta
  • bruk stødige /sklisikre innesko
  • bruk sklisikre sokkar
  • legg antisklibelegg i trapp
  • monter rekkverk på trappa
  • fjern dørterskel
  • på badet:
    • ha ein stabil krakk i dusjen
    • legg sklisikre matter i botnen av badekar /dusj
    • monter handtak ved badekar/dusj og toalett
    • heve toalettsete (hjelpemiddel: toalettforhøgar)
  • på soverom:
    • ha fastmontert nattlampe
    • ha lommelykt på nattbordskuff
    • støtte i nærleik av senga som du kan bruke når du skal reise deg opp

hjelpemiddel

  • kommune sitt ergoterapeut kan hjelpe med ytterligare kartlegging og rettleiing i heimen

Kva kan du gjere sjølv utandørs:

  • strø på vinteren
  • bruk broddar under sko
  • bruk stavar (dei hjelper med balanse)

 

Legesjekk

Medikament, syn, høyrsel og underernæring kan påverka balanse, svimmelhet og deretter føra til fall. Ved behov, du kan snakke med din fastlege om gjennomgang av medikament, sjekk av syn og høyrsel og ernæring. Hugs å syte for at du får i deg nok mat og drikke.

  • Kommunen har tilbod om matombringing for heimebuande som har problemer med å lage middag til seg sjølv eller har behov for betydeleg hjelp for å tilberede mat, les meir om det her.

Meir informasjon om fallførebygging og aktuelle lenka

NHI.no - fallførebygging

Fallførebygging.no tiltak

Aktivitetshandbokafysisk aktivitet i førebygging og behandling (s. 37 anbefalingar om fysisk aktivitet, s. 62 fysisk aktivitet for eldre, s. 142 helseaspekter ved styrketrening)

Helsenorge.no – øvingar for å førebygga fall

Fallogbrudd.no

FHI.noom ulykker i heimen