Kva kan ergoterapeuten bidra med?
- Kartlegging av funksjon, omgivnadar og aktivitetar for å vurdere behov og eventuelle tiltak Dette skjer i tett samarbeid med tenestemottakaren
- Vurdering, formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral
- Tilpassing av private bustadar for å for eksempel førebyggje fall, eller tilpasse bustad i samband med sjukdom/ skade
- Planlegging og tilpassing av offentlege bygg med fokus på universell utforming
- Habilitering og rehabilitering for tenestemottakarar i alle aldersgrupper
- Fagkontaktperson i kommunen innan rørsle, hørsel, syn og kognisjon
Ergoterapeuten jobbar tverrfagleg og har ein viktig rolle i fleire samarbeidsgrupper:
- Godkjenningsnemnda for tilrettelagt transport, parkeringsløyve og ledsagarbevis
- Bustadgruppa (tilpassing av bustad etter eit funksjonsfall)
- Ansvarsgrupper (bistår personar som har behov for langvarige og samansette tenester)
Brukar eller pårørande kan ta kontakt sjølv eller få sendt tilvising gjennom fysioterapeut, skule, institusjon, heimetenesta, sjukehus eller andre.
Ergoterapi - tenesteerklæring
Formål med tenesta:
Å bidra til at menneske i alle aldrar opplever:
- sosial deltaking i samfunnet
- å vera sjølvhjelpen i meningsfylte aktivitetar
Ergoterapeuten arbeider der brukaren er: i heimen, i barnehagen, på skule og fritidstilbod, på arbeidsplassen, på sjukeheim eller i omsorgsbustad. Ergoterapeuten kan og møte opp i lag og organisasjonar dersom det er behov for informasjon og rettleiing. Tenesta er gratis.
Tenesta gjeld
Arbeidsområde:
• Habilitering og rehabilitering uavhengig av diagnose
• Formidling av tekniske hjelpemiddel
• Kontaktperson for hjelpemiddelsentralen
• Tilrettelegging av bustad og offentlege bygg
• Tilrettelegging av arbeidssituasjon
• Sekretær for godkjenningsnemnda for tilrettelagt transport
Kva tenester yter ergoterapeuten?
Hovudarbeidsområdet er habilitering og rehabilitering. I den samanheng kan ergoterapeuten bistå brukaren med:
Utarbeiding av individuell plan (ved langvarige og samansette tenestebehov) og utnemning av ansvarsgruppe
Tekniske hjelpemiddel: Kartlegging av behov, utprøving, søknad, opplæring osv. Rådgjeving ved nybygg, tilbygg og ombygging av bustad med tanke på universell utforming.
Råd og hjelp ved tilrettelegging av arbeidsplass for menneske med funksjonsnedsettingar
Dersom brukar har trong for tenester frå fleire tenesteytarar og andre aktørar, vil ergoterapeuten samarbeide med desse, slik at brukaren får eit oversiktleg og tenleg tilbod.
Tilrettelagt transport
Helse- og sosialkontoret sender ut søknadsskjema etter førespurnad. Ergoterapeuten kjem på heimebesøk for å vurdere behovet for tenesta og omfanget av tilskotet. I åra som følgjer vil behovet bli revurdert utan at brukaren må sende ny søknad. Brukar har ansvar for å melde frå om endringar i helsetilstanden eller busituasjonen.
Kontakt:
Brukarar og pårørande kan vende seg direkte til ergoterapeuten. Andre tenesteytarar brukar skjemaet ”Tilvising til ergoterapeut/fysioterapeut/psykisk helsearbeidar”
Teieplikt:
Alle som arbeider innafor helse- og sosialtenesta har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.
Klage:
Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side. Klagen skal sendast tenesteleiar for helse- og sosial.
Den som søkjer helsehjelp, kan påklage avgjerda etter § 2-1 i lov om helsetenester i kommunen. Fristen for klage er 4 veker frå vedkomande fekk høve til å klage. Vidare klageinstans er fylkeslegen.
Ein klage som kjem etter fristen, kan likevel takast under handsaming når det vert funne rimeleg at den vert prøvd. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.
Lovgrunnlag for tenesta:
• Lov om helsetenesta i kommunen
• Lov om sosiale tenester
• Lov om folketrygd
• Lov om helsepersonell
Søkte ord: Høyre, hørsel, høyrsel, hørselskontakt, ergoterapi, ergoterapaut, horselskontakt, høreaparat, høyreapparat, høreapparat.