Formålet med individuell plan er:
- At du får god koordinert hjelp utifrå dine behov. Tenesteytarane har ansvar for å samarbeide om oppfølging av deg
- Dine mål, ressursar og behov for tenester skal kartleggast
- Tiltak som kan dekke dine behov for bistand skal vurderast og koordinerast
- Du har rett til å delta i utarbeidinga av planen
Samtykke:
- Individuell plan skal ikkje utarbeidast utan ditt samtykke.
Innhaldet i planen:
- Ei oversikt over dine mål, ressursar og tenestebehov
- Ei oversikt over kven som deltek i planarbeidet
- Kven som er koordinator
- Ei oversikt over kva du og pårørande vil bidra med i planarbeidet
- Ei oversikt over aktuelle tiltak, omfang og kven som har ansvaret
- Ei beskriving av korleis tiltak skal gjennomførast
- Planperiode, tidspunkt for eventuelle endringar og revidering
Spørsmål vedrørande individuell plan kan rettast til:
- Koordinerande eining: Linda Mannes
tlf. 97699266
E-post: linda.mannes@aurland.kommune.no