To milepælar er nådd i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel
I kommunestyremøte 2.november gjorde kommunestyret to viktige vedtak som er avgjerande for det vidare arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.
I kommunestyremøte 2.november gjorde kommunestyret to viktige vedtak som er avgjerande for det vidare arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.
Dette var eit av fleire innspel kommunen fekk inn under arbeidsverkstaden for landskap og arkitektur. 27 personar møtte opp på verkstaden og kommunen fekk mange gode innspel som me tar med oss vidare i arbeidet med den nye arealdelen til kommuneplanen.
Kvar og kva for type bustader skal me bygge? Kva for næring ønskjer me? Og korleis kan me legge betre til rette for reiselivet og dei som bur i bygdene turistane besøker? Vi inviterer til grendamøte for å høyre dine innspel!
Kvar fredag frå 17.feb til 28.april skal planavdelinga ha open kontordag på rådhuset. Her kan du kome innom for å stille spørsmål om arbeidet med den nye arealdelen til kommuneplanen. Enkelte fredagar vil representantar frå teknisk, landbruk m.m. også vere til stades.
Det er opna for å sende inn innspel til den nye arealdelen til kommuneplanen. Fristen for å sende inn innspel er 30.april 2023. Du kan nytte innspelsskjema til å sende inn innspel.
Kommunestyret vedtok planprogram for arbeidet med ny arealdel i møte 15.desember 2022, sak 071/22.
Aurland kommune har starta arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen for Aurland kommune 2024-2034. I første omgang vert planprogrammet - planen for planen, sendt ut på høyring og offentleg ettersyn.