Statens vegvesen er i gang med planlegging av oppgradering av Lærdalstunnelen. Oppgraderinga vil medføre eit masseoverskot. Hagane er i dag regulert til industriområde, og planarbeid inneber ei vidareføring av dette føremålet. Utforming av føremåla innafor plangrensa vil basere seg på nye vurderingar angåande blant anna naturmangfald. Område er utvida i forhald til gjeldande plan for å kunne vurdera skredvoll og evt. naudsynte anleggsbelte, men område kan bli redusert i planprosessen. Det er ikkje planlagt tiltak i kantsona til elva.

Føremålet med planarbeidet er å kunne nytta masseoverskotet frå tunnelarbeidet på ein samfunnsnyttig måte ved opparbeiding av industriområdet.

Planforslaget er vurdert av Aurland kommune til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing, jamfør forskrift om konsekvensutgreiing.

Alle som vil, kan koma med innspel til oppstart av planarbeidet.

Her finn du plandokumenta:
Brev om oppstart
Planavgrensing
Planinitiativ
KU-vurdering
Referat frå oppstartsmøte 

Merknadar til planarbeidet sendast til COWI AS, ved: Harald Magnus Kvifte, Postboks 6412 Etterstad, 0605 OSLO eller på e-post: hmkv@cowi.com. Frist for innsending av merknader er 06.03.2023.

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål til planarbeidet. Telefonnummer er 476 02 800.