Kvar skjer vigselen?
Vigselseremonien skjer i på ordføraren sitt kontor på rådhuset.
Dersom de ønskjer å bli vigde ein annan stad, kan de avtale dette direkte med vigslaren.
Når skjer vigselen?
Vigslar blir gjennomførte mellom klokka 08.00 og 15.30.
De avtaler tidspunktet for vigselen med vigslaren. Det same gjeld om de vil at vigselen skal skje utanfor det vanlege tidsrommet.
Korleis føregår sermonien?
Brudefolket, vitne og gjester må møte opp ca. 15 minutt før avtala tid for vigsel. Brudeparet henvender seg i resepsjonen på rådhuset. Brudeparet blir bedt om å framlegge gyldig legitimasjon (pass, bankkort med bilete eller førarkort).
Sjølve seremonien føregår på ordføraren sitt kontor. Rommet er enkelt pynta. Dersom brudeparet har andre ynskje kan brudeparet etter avtale få tilgang til lokale før og etter sermonien. I tillegg til brudeparet og vigslar må det vere to vitne tilstades under vigsla. Kommunene kan stille med vitne dersom det er ynskjeleg og det er avtala på førehand.
Etter at vigslar har erklært brudefolket som rette ektefolk blir vigselsboka signert av brudeparet, vigslar og vitne. Brudeparet mottek ein mellombels vigselattest. Orginal vigselattest blir tilsendt frå Skatteetaten.
Dersom sermonien skal føregå ved anna lokalitet enn rådhuset og/eller utanom ordinær kontortid vil mellombels vigselattest bli ettersendt. Kommunen tilbyr ikkje å stille med vitne dersom vigsel blir avtala ved anna lokalitet enn rådhuset og/eller utanom ordinær kontortid.
Søknad om borgarleg vigsel
Førespurnad om borgarleg vigsel i Aurland kommune kan du sende elektronisk. Vi ber om at du nyttar vårt elektroniske skjema. I skjema etterspør vi opplysningar om brudeparet og de har høve til komme med ulike ynskje for sermonien
OBS: De må også søkje om ein prøvingsattest.
De må søkje om ein prøvingsattest
Før de kan inngå ekteskap, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår.
Prøvingsattesten søkjer de om elektronisk, via Skatteetaten.
Prøvingsattesten viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten er gyldig i 4 månader.
Lever prøvingsattesten til kommunen
De må levere prøvingsattesten til Aurland kommune seinast 14 dagar før vigseldatoen. Korleis de leverer, får de hjelp til seinare i skjemaet.
Prisar for vigsel
- på rådhuset for innbyggjarar i Aurland kommune måndag til fredag kl. 08.00–15.30 – gratis
- på rådhuset for innbyggjarar i andre kommunar enn Aurland måndag til fredag kl. 08.00–15.30 – 2500 kroner
- utanom rådhuset for innbyggjarar i Aurland kommune (må vere rimeleg nær rådhuset) – 1600 kroner
- utanom rådhuset for innbyggjarar i andre kommunar enn Aurland (må vere rimeleg nær rådhuset) – 4000 kroner