Registrerte grunneigarar, festarar og så vidt mogleg andre heimelshavarar i planområdet, samt naboar til planområdet og offentlege etatar, vert med dette varsla direkte. Wangen eigedom AS er tiltakshavarar, og Nordplan AS er utførande plankonsulent.
Planområdet er lokalisert om lag 2 km sør for Flåm sentrum, ved Lunden haldeplass. Eigedomane ligg langs Flåmsdalsvegen, på austsida av Flåmselva.
Bakgrunn for og føremålet med planarbeidet
Bakgrunnen for planarbeidet er at det er behov for fleire bustadar for arbeidstakarar i turistnæringa i Flåm. Turistnæringa i Flåm er svært viktig og det kjem mange sesongarbeidarar som arbeider til bygda, som treng husvære i både korte og lengre periodar. Som fylgje av auka bruk av tenester som Airbnb, er tilgangen på bustader for langtidsleige i området no redusert til fordel for korttidsutleige. Dette gjer det utfordrande å finne nok husrom til alle sesongarbeidarane som kjem til bygda kvart år. Eksisterande bustadhus på gbnr. 36/15 blir nytta som bustad for sesongarbeidarar, men ein ser at satsinga på heilårsturisme medfører større krav til bukomfort. Tiltakshavar ønskjer i den forbinding å utvikle gbnr. 36/26 og 36/15 i ein heilskap for å legge til rette for bustadar for sesongarbeidarar. Aktuelt arealformål for planen er bustad, med tilhøyrande infrastruktur og uteopphaldsareal. Ein må vurdere å sette av areal til omsynssone mot elva.
26. september 2024 vart det gjennomført oppstartsmøte med representant frå planavdelinga i Aurland kommune, sjå referat vedlagt saka. Her vart det tilrådd oppstart av planarbeid.
Det vidare planarbeidet skal avklare og gjere naudsynt greie for følgande:
• Utnyttingsgrad, byggehøgder og -volum.
• Estetikk og byggeskikk, inkludert takvinkel, materialval og fargebruk.
• Køyretilkomst og gang-/sykkeltilkomst.
• Parkeringsbehov og -løysingar.
• Verknader for omkringliggande bygningar og omgjevnader.
• Verknader for eksisterande infrastruktur.
• Tilhøve for barn og unge.
• Omsyn til naturfarer.
• Verknader for temaa kulturminne/kulturmiljø, friluftsliv, og naturmangfald.
For meir detaljar, les alle dokumenta her: