Samfunnsdelen er utarbeida i den digitale planløysinga Framsikt. Trykk her for å lese planen
Her finn du pdf-versjon av samfunnsdelen
Vedtak i kommunestyret, sak 047/22:
Kommuneplan for Aurland kommune – Samfunnsdelen 2022-2033 vert vedteke med dei endringane som er skildra under vurdering, i samsvar med plan- og bygningslova §11-15.
Tillegg i 2. avsnitt under «Klimarobust og sikkert samfunn»: Aurland kommune skal vurdere ulike måtar å flaumsikre Flåmsvassdraget.
Punkt under 3.1: Kommunen skal arbeide for å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel/adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, alder og andre vesentlege tilhøve ved ein person.
Under pkt 4.2.2 Nytt kulepunkt under delmål: Det skal foretakast ein gjennomgang av handlingsrom innanfor ulike verneformer og UNESCO-statusen.
Samrøystes
Oppfølging av planen
Samfunnsdelen til kommuneplanen er det viktigaste styringsverktøyet kommunen har, og skal leggjast til grunn for alt arbeid og vidare utvikling i kommunen. Planen har eit ti-årsperspektiv og skal rullerast kvart fjerde år. Måla og strategiane i samfunnsdelen er overordna og må følgjast opp i underliggande planverk. Økonomiplanen utgjer handlingsdelen til samfunnsdelen, og i arbeidet med den vert det arbeida med tiltak som skal følgje opp måla og strategiane i samfunnsdelen.
Arealstrategiane i samfunnsdelen utgjer koplinga mellom samfunnsdelen og arealdelen. Gjennom arealstrategiane vert måla og strategiane i samfunnsdelen fylgt opp i plankart og føresegnene til arealdelen til kommuneplanen. Arealdelen legg vidare føringar for reguleringsplanar og byggesaker.