GENERELT
Omtale
Grensepåvising av ein eigedom sine grenser blir i hovudsak utført på eigedomar som har usikre grenser (ikkje koordinatbestemt). Dette skjer gjennom oppmålingsforretning der eigar / festar og aktuelle naboar blir innkalla til oppmålingsforretning. Kva og antal grensemerker som ein ynskjer å få påvist må angjevast. Grensemerka blir markerte i marka med offentleg godkjende grensemerker. Grensepåvising med oppmålingsforretning kan også nyttast for å påvise eksisterande sikre grenser viss rekvirenten ynskjer dette.
Målgruppe
Grunneigarar / festarar
Kommunen / fylkeskommunen / staten
Kriterium/vilkår
Målebrev (ikkje koordinatbestemt), kkylddelingsforretning. Også for målebrev m/sikre grenser kan denne arbeidsoppgåva førekomme, viss rekvirent ynskjer påvising av grenser.
Pris for tenesta
SØKNADSPROSESS
Bestilling av grensepåvising m/oppmålingsforretning skal skje skriftleg, ved å nytte rekvisisjonskjema(pdf).
Klage
Viss det oppstår usemje om ei eigedomsgrense kan kommunen medverke til at partane blir samde.