I tjeneste for Norge
itjenestefornorge.no er ei nettside etablert av Forsvaret for å skapa større åpenheit og kunnskap om Forsvarets internasjonale operasjonar og kva Forsvarets veteranar har opplevd.
Regionale ressurssentre
Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) har ansvar for å leie dei regionale fagnettverka for innsatspersonell (RNIP). Det finst eit slikt fagnettverk i kvar helseregion. Vestland vert dekka av RVTS/RNIP Vest, som held til i Bergen og vert leia av Venke Johansen (venke.agnes.johansen@helse-bergen.no)
Norges veteranforbund for internasjonale operasjonar (NVIO)
Norges veteranforbund for internasjonale operasjonar (NVIO) er ein landsdekkande veteranorganisasjon med mange lokalforeiningar. I tilknyting til Vestland er det to lokalforeiningar: NVIO Bergen og omland, NVIO Kvinnherad
Veteranforbundet SIOPS (Skadde i internasjonale operasjonar)
Veteranforbundet SIOPS (Skadde i internasjonale operasjonar) er ein landsdekkande organisasjon, til tross for at dei er lokalisert i Oslo. Dei har kontaktpersonar i fleire store og mellomstore byar i Norge, men innleiande kontakt går via hovudkontoret i Oslo. Dei kan kontaktast via post@siops.no, tlf.: 22 69 56 50, eller du kan lese meir på siops.no.
Norges forsvarsforeining
Norges forsvarsforeining er ein forsvarsforeining med fleire lokalforeiningar i Vestland. Oversikt finn du her. Innleiande kontakt må gå via hovudkontoret i Oslo. Dei kan kontaktast via foreningspost@forsvarsforeningen.no, tlf.: 23 19 62 60. Les meir på: forsvarsforeningen.no.
Norges Lotteforbund
Forbundet har éin lokalforeining som famnar befolkninga i Vestland; Bergenhus Lotteforening. Du kan lese meir om Lotteforeninga sitt arbeid på lottene.no.
Forsvarets veteranteneste (FVT) som ressurs for kommunane
- FVT leiast av Forsvarets veteraninspektør (FVI), oberst Morten Henriksen. FVT har fagansvaret i Forsvaret for veteranivaretaking, og FVI er Forsvarssjefens rådgivar på veteranområdet. FVT sine hovudoppgåver er:
- Følge opp Forsvarets egen veteranivaretaking
- Tildeling av dekorasjonar og skaffar og i varetek dokumentasjon relatert til internasjonale operasjonar
- Drifta Forsvarets veteransenter på Bæreia
- Bidra til å heva samfunnets anerkjenning, ivaretaking og oppfølging av veteranar og deira familiar
- Forvalte tilskotsordninga for veteranorganisasjonar på vegne av Forsvarsdepartementet.
- Kontakt: veteraner@mil.no.
Sentrale aktørar og ressursar på veteranfeltet
Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) har ansvar for å leie dei regionale fagnettverka for innsatspersonell (RNIP). Det finst eit slikt fagnettverk i kvar helseregion. Vestland dekkast av RVTS/RNIP Vest, som held til i Bergen og ledast av Venke Johansen (venke.agnes.johansen@helse-bergen.no).
Det er utarbeidt fleire gode kompetansehevande kurs, som RVTSane tilbyr gratis til aktørar/kommunar som treng kompetanseheving på veteranfeltet.
Kompetansemodular for følgande målgrupper er utarbeidd:
- Avgjerdstakarar i kommunen
- Veterankontakt i kommunen
- Pedagogisk personell i barnehage og skole
- Helsepersonell
- Fastlegar
RVTS Øst har utarbeidd to kurs som de reiser rundt i landet og held på oppmoding fylgjande kurs:
- “Veteraner og veteranfamilier – kurs for helsepersonell og andre faggrupper”
- Meritterande kurs for leger og psykologar om behandling av veteranar
- E-læring om veteranar er et digitalt kurs, utarbeidd av Horten kommune, RVTS Øst og Forsvarets veteranteneste. Dette er eit grunnkurs på seks modular. Kurset ligg på kslaring.no, og kan søkast opp ved å nytta søkeordet “veteran”.
- Kompetansemiljøet for veteransaker ved NAV Elverum har tre tilsette ved NAV Elverum med særskilt kompetanse på veteranar og “veteranspesifikke” rettigheitar knytt til erstatning. I tillegg til å sørge for god oppfølging av veteranar i NAV, rettleiar dei også andre NAV-konter i å gjere det same.
- Kompetansekontor for veteranar, familievernkontoret på Hamar har kompetanse på veteran-familiars særskilte utfordringar. Kompetansekontoret rettleiar og sørgjer for nødvendig kompetanseheving av andre familievernkontora på dette feltet.
- Moss DPS, Sykehuset Østfold tilbyr gruppeterapi, individuell utredning og behandling tilpassa veteranar.
- Forsvarets sanitet ved Institutt for militærpsykiatri og stressmestring(IMPS) har spisskompetanse på krisehandtering, belastningsrelaterte psykiske plager og stressmeistring. Dei driv undervisning og rådgjeving av soldatar, tilsette og militære leiare i Forsvaret, så vel som til ein rekke sivile offentlege instansar etter avtale.
Dekorering/ medaljar
«Dekorasjoner og medaljer er en viktig del av anerkjennelsen for fremragende innsats i krig og krevende operasjoner på vegne av Norge. Samtidig understreker tildelingen av slike utmerkelser oppdragets eller hendelsens legitimitet, noe som er vesentlig for alle som har deltatt i utførselen.»
Vil du føreslå ein kandidat til medalje? Eller manglar du ein medalje? Du kan sjølv søkja eller nominera nokon til medalje. Les meir om korleis du går fram her: Om medaljer - forsvaret.no