Næringsutvikling i Aurland kommune
Aurland kommune har eit variert næringsliv. Aurland er frå naturen si side ein ressursrik kommune, der vasskraftproduksjonen saman med jordbruket har vore bærebjelkane for kommunen sitt næringsliv gjennom det siste hundreåret.
Jordbruket, med hovudvekt på geit og sau står framleis sterkt, og er av stor verknad for å oppretthalde busetnaden rundt om i bygdelaga.
Reiselivsnæringa er i sterk framvekst. Turisttrafikken gjev grunnlag for nye tilbod og næringsutvikling i området. Aurland kommune har elles eit variert næringsliv med ei rekke servicebedrifter innan bygg, anlegg, elektro, røyr, handel m.m.
Aurland kommune har konsesjonskraft og Aurland Energi tilbyr rimelege fastprisavtalar på straum til både private og næringsliv.
Bedriftsrådgjeving
Om du lura på å starte opp ei verksemd, vidareutvikle den du har starta opp eller kanskje har andre spørsmål ta gjerne kontakt med Næringsrådgjevar i kommunen.
Aurland kommune sit med eit konsesjonsavgiftsfond med midlar merka for nærings og samfunnsutvikling i kommunen. I utgangspunktet er det to søknadsrundar i året, men dette kan variera. Søknadsfrist vert annonsert på nettsida til kommunen.
Det er òg andre moglege ressursar tilgjengeleg for deg.
På denne sida finn du litt informasjon om tilboda til Sognefjorden Næringshage AS, Kunnskapsparken Vestland, Spire-etablerarprogram for invandrarar, Innovasjon Norge, Kompetansenavet Vest og Vestland fylkeskommune. I tillegg finn du nyttig informasjon frå NAV og andre nettsider med informasjon til verksemder.
SOGNEFJORDEN NÆRINGSHAGE AS og Sogn Næring driftar Næringshageprogrammet i Sogn, det er ein del av SIVA sitt landsdekkande nettverk av næringshagar og skal leggje til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling av norsk distriktsnæringsliv. Næringshageprogrammet skal òg bidra til at fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør vert styrka. Den fremste styrken til Næringshagen er å vera ein kopling mellom verksemder, kompetansemiljø og andre tenesteleverandørar. Dei kan yte rabatterte tenester til verksemder gjennom støtte frå SIVA og Vestland Fylkeskommune. Næringshageprogrammet skal bidra til auka verdiskaping basert på regionale fortrinn, ved å leggje til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige verksemder. Sognefjorden Næringshage skal skal bruke lokale kunnskap og deira regionale nettverk til å hjelpe verksemder med å utvikle og omstille seg.
Det er no kostnadsfritt å verta målbedrift hjå næringshagen. Verksemdene som vel å signere avtale som målbedrift vil få tilgang til tenester og ytingar til rabattert pris, som ikkje vil overstige meir enn 50% av faktisk kostnad. I tillegg vil alle verksemder få innleiande kostnadsfrie timar i dialog/møte med oss.
Sognefjorden Næringshage har kontor sentralt i Aurland.
I korte trekk får verksemdene tilgang til:
Kontaktperson i Sognefjorden Næringshage AS:
Mette Bakketun
Dagleg leiar
Sognefjorden Næringshage aa
mob. 928 01 840
KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND er eit regionalt Innovasjonsselskap med kontor i Stryn, Nordfjord, Førde og i Sogndal. Kunnskapsparken kan hjelpe gründerar og verksemder med gode forretningsidear, men som treng hjelp til å lukkast. Kunnskapsparken er ein del av det nasjonale inkubatorprogrammet til SIVA og er deleigd av Vestland fylkeskommune.
Deira kjernekompetanse er;
Inkubatorteneste
Forretningsutvikling
Kommersialisering
Prosess- og prosjektleiing
Klyngeutvikling
Omstilling
Rådgjeving
Nettverk
Finansiering (hjelp til søke og finne investorar).
Kontorplass
Inkubatorprogrammet:
Gjennom programmet får gründerar og verksemder tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Målgruppa er gründerar med nyskapande idear og verksemder med vekstpotensiale.
Vekst ilag:
Vekst i lag er eit partnarskap beståande av Stryn Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Sognefjorden Næringshage og Inviro. Gjennom Vekst i lag samlar dei all deira kompetanse på ein plass, slik at ein kan velje blant enda fleire tenester, og få ekstra god hjelp med å skaffe kapitalen verksemda treng for å nå sine mål.
Dette er eit program for etablerte verksemder som ynskjer å vekse.
Kunnskapsparken tilbyr blant anna programmet Rask Oppstart som er eit gratis program retta mot gründerar og oppstartsbedrifter i tidlegfase. Det neste programmet startar 7. mars 2023.
Dei hjelper òg bedrifter med å skapa framtidas berekraftige løysingar.
SOGN FOR ALLE - SPIRE - ETABLERARPROGRAM FOR INNVANDRARAR
SPIRE er eit tilbod for innvandrarar i Sogn, gjennom prosjektet «Sogn for alle».
Er du innvandrar i Aurland og ynskjer å starte for deg sjølv så kan SPIRE vera noko for deg. Ta kontakt med Næringsrådgjevar i Aurland eller Sogn Næring direkte -som driftar programmet for «Sogn for alle».
INNOVASJON NORGE
Innovasjon Norge skal bidra til nyskaping i næringslivet, berekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske verksemder, og utvikling i distrikta. Innovasjon Norge profilera norsk næringsliv og Norge som reisemål. Midlane Innovasjon Norge forvaltar vert satt av gjennom statsbudsjettet. Desse midlane skal nyttast til å få fleire gode gründerar, vekstkraftige verksemder og innovative næringsmiljø.
Dei tilbyr tenester innan finansiering, rådgjeving, kompetanse, nettverk og profilering.
Meir informasjon om kva hjelpe middel og verktøy Innovasjon Norge har kan du finn du her: Forsiden - Innovasjon Norge
Gjennom å logge deg inn på «min side» vil du få tilgang til mange gratis-kurs med ulike tema som kan vera nyttig i etablerar- og utviklingsfasen for ei bedrift.
KOMPETANSENAVET VEST
Lokale mat- og serveringsverksemder kan få fagleg hjelp med vidareutvikling og verdiskaping gjennom kompetansenavet. Det er fem kompetansenav i Norge som utarbeidar tilbod om kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og besøksordning som er tilpassa verksemda sine behov.
Kompetansenavet har base på Sogn Jord- og Hagebruksskule, og har aktivitetar i Vestland fylke.
Besøksordninga: Gjennom ordninga kan ei verksemd få besøk av ein matfagleg eller forretningsfagleg person, og dei vil soleis hjelpe verksemda med ulike problemstillingar. Det kan til dømes vera spørsmål kring utforming av godkjent produksjonslokale, produktutvikling, emballasje, marknadsføring og kalkylar. Besøket er gratis for verksemda, ved behov kan ein få tilbod om oppfylgingsprosjekt med ei kostnadsramme på kr. 30 000,- av dette kjem ein eigenandel på 20% som verksemda må dekke sjølv
Matkontaktar: Matkontaktane kan gje verksemdene hjelp og rettleiing via telefon eller gjennom besøksordninga. Matkontakten er rådgjevar, samtalepartnar og formidlar av kunnskap på bakgrunn av eiga erfaring, eller vidareformidlar kontakt med andre kompetansepersonar og relevant teknologi. Matkontaktane kan fylgje opp verksemda eller bidra til å etablere ei besøksordning.
Meir informasjon og kontakt informasjon finn du her: Kompetansenavet Vest | Sogn Jord- og Hagebruksskule | Økologisk landbruksskole Vg2 Vg3 (sjh.no).
DRIFTIG.NO er ein informasjonskanal for gründerar, ideskaparar og entreprenørar i Vestland. Føremålet til driftig er å formidle nyttig informasjon til deg som ynskjer å starte eller vidareutvikle verksemd i Vestland samt sette deg i kontakt med dei rette personane på vegen.
Vestland Fylkeskommune har ansvaret med å leie og drifte driftig.no
VESTLAND FYLKESKOMMUNE
Vestland fylkeskommune legg til rette for nærings- og samfunnsutvikling gjennom ulike tilbod til verksemder, kommunar og andre. Dei er blant anna deleigarar i Kunnskapsparken Vestland, leiar og driftar Driftig.no. Fylkeskommunen har òg teke over oppdragsgjevaransvaret for næringhageprogrammet og for Kompetansenavet Vest. Det vert no arbeida med å utvikle eit nytt program. Programmet skal òg vera eit verkemiddel for fylkeskommunen, og bidra til at fylkeskommunen si samfunnsutviklar rolle vert styrka.
Vestland fylkeskommune har og fleire tilskotsordningar for næring og samfunnsutvikling. Ein kan òg søkje om BIO-midlar (bedriftsintern opplæring).
ANDRE NYTTIGE LENKJER
NAV Region Sogn har felles marknadsteam som kan hjelpe verksemder med rekruttering. Aurland, Lærdal og Årdal har felles marknadskontakt, oppdatert kontaktinformasjon og anna relevant informasjon kan du finne her. Rekruttering og inkludering i NAV Vestland - nav.no
Altinn - Starte og drive bedrift – Altinn gir ein grundig gjennomgang av kva du bør tenkjer over når du ønskjer å etablere ei bedrift, korleis du gjennomførar oppstart i praksis, og kva som er viktig å vere klar over når selskapet er i drift.
Brønnøysundregistrene – Bedrift – Brønnøysundregistrene gir ei innføring i kva dokument som må fyllast ut og sendast inn når ei bedrift blir etablert og er i drift.
Starte og drive bedrift - Skatteetaten – Skatteetaten gir og ei innføring i kva som er viktig når ein skal starte ei bedrift.
Sognefjord Næringshage, INKON og Aurland kommune vil nytte ein felles kanal for informsajon retta mot næringslivet i Aurland. |
Felles informasjonskanal for næringslivet i Aurland kommune
Sognefjord Næringshage, INKON og Aurland kommune vil nytte ein felles kanal for informsajon retta mot næringslivet i Aurland. Formålet er å kunne samle aktuell informasjon på ein stad slik at det vert enklare å få oversikt.
Felles kanal for informasjon er INKON si Facebook side. Lik sida og få fortløpande informasjon som kan vere nyttig for deg som driv verksemd i Aurland kommune.
Støtteordningar
Aurland kommune har ein konsesjonsavgiftsfond som det årleg vert lyst ut midlar frå, desse midlane skal nyttast til næring- og samfunnsutvikling i Aurland kommune. Vanlegvis er det to søknadsfristar for året, men dette kan variera etter kva midlar som er tilgjengeleg.
Me har òg laga til malar for innsending av søknad, både på norsk og engelsk. Ta kontakt om du ynskjer dette.
Informasjon om søknadsprosessen våren 2023:
I samband med budsjettet for 2023 vart det satt av kr. 1.5 millionar til dette formålet. Søknadsfristen vart satt til 01.04.2023. Søknadane skal opp i fondstyret i samband med møtet 25.05.2023.
§ 2 Føremål i vedtektene seier at Fondet skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Aurland kommune.
Søkjar skal ta kontakt med kommunen for innleiande samtalar for å avklara innhald i ein eventuell søknad.
Søkjar skal skrive ein søknad som syner at ein har vurdert utfordringar og moglegheiter med å nå måla i prosjektet.
For landbruk gjeld som regel ikkje dette kravet til innhald dersom det ikkje er snakk om ny type næring. Det same gjeld for rettleiing og kurs pkt 4.1, arrangement pkt 4.8, regionale/lokale fellesprosjekt pkt 4.9, landbruk pkt 5 og tilskot til spreidd busetnad pkt 8. Det er krav om eigenfinansiering på minimum 50 % av totalbudsjettet.
Til Investeringar kan ein få inntil 10% støtte, sjå punkt 5. for eigne reglar for landbruk.
Eigenfinansieringa kan vera i form av eigne midlar eller eigeninnsats, eventuelt ein kombinasjon av disse to.
Syner elles til naudsynte opplysningar i samband med ein søknad om midlar frå konsesjonsavgiftsfondet. Er det spørsmål kring dokumentasjon ta kontakt.
1. Dersom ein person er søkjar:
Namn, adresse, telefon, e-post. Utdanning og yrkeserfaring
Dersom eit firma er søkjar:
Namn, org. nr, adresse, telefon, e-post. Bransje
2. Prosjektomtale:
Kva det vert søkt støtte til. Omtale av forretningsidé, marknad, kundar, konkurranse. Søknadsbeløp. Forklåring om kvifor det blir søkt om stønad, og i kva grad midlane vil ha utløysande effekt.
3. Rekneskap:
Dette gjeld for etablerte verksemder
4. Investeringsbudsjett
Kva det skal investerast i og kor mykje. Alle summer eksl. Mva.
5. Finansieringsplan:
Oversikt over eigenkapital, banklån og eventuelle andre finansieringskjelder
6. Driftsbudsjett:
Oppstartsåret + 2 år.
Søknader som manglar desse opplysningane (1-6), samt der søkjar ikkje har hatt ein førehandkonferanse vert ikkje handsama.
Søkjar må òg sørgje for at alle naudsynte løyver er på plass før søknaden vert sendt inn.
Søknader skal sendast elektronisk til Aurland kommune, post@aurland.kommune.no .
Du, som søkjar, må setje deg inn i reglane for fondet, då det er ulike retningslinjer alt etter kva ein søkjer støtte om, samt i samband kva ein kan søkje støtte til og storleik på søknadssum.
For søknader til bedriftsutvikling og investeringar ta kontakt med:
Linn-Janette Underdal Skarsbø
Rådgjevar samfunns- og næringsutvikling
E-post: linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no
Telefon: 95 98 46 47
For søknader som gjeld landbruk ta kontakt med:
Magnhild Aspevik
Felles landbrukskontor ÅLA
E-post: Magnhild.Aspevik@aurland.kommune.no
Telefon: 47 48 65 50
For søknader som gjeld tilskot til spreidd busetnad ta kontakt med:
Reinhardt Sørensen
Kommunalleiar samfunnsutvikling/brannsj.
Epost: Reinhardt.Sorensen@aurland.kommune.no
Telefon: 95 98 46 04
For andre støtteordnar sjekk
Miljøfyrtårn
Miljøfyrtårn er eit norsk offentleg sertifikat som syner at verksemda har høg standard på å drive miljøvenleg, og har eit solid fokus på arbeidsmiljø. For at ei verksemd skal verta sertifisert som miljøfyrtårn må dei ha miljømål som er konkrete, målbare og lønsame på fleire nivå.
Aurland kommune har eit samarbeid med Sogndal kommune om sertifisering, og det er Sogndal kommune som forvaltar ordninga.
For mange kundar er berekraft viktig for val av produkt, og mange forventar at verksemder tek eit berekraft ansvar. Ein miljøfyrtårn-status kan difor verta viktig for konkurransekrafta til verksemder framover.
I Aurland kommune har me allereie fleire sertifiserte verksemder, noko me er stolte av.
Ynskjer du å verta sertifisert kan du ta kontakt med Næringsrådgjevar i kommunen.
Les meir om kvifor du bør sertifisere verksemda di her: Hvorfor bli sertifisert? | Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)
Certnor AS har frå 2022 overtatt sertifiseringsmyndighet for Miljøfyrtårn. Meir informasjon om dette og korleis private verksemder kan tinge sertifisør hjå Certnor kan du lese meir om på deira nettside.
Miljøsertifisering kan òg sjåast i samband med bedriftsutvikling, og kan vera eit grunnlag for å søkje om støtte frå konsesjonsavgiftsfondet. Ta kontakt med næringsrådgjevaren for å sjå om dette kan vera noko for deg og di verksemd.
Pågåande prosjekt innanfor samfunn og næring
Aurland kommune er involvert i ulike prosjekt og samarbeid i regionen. Dette kan vera prosjekt internt i kommunen, med lokale samarbeidspartnarar eller interkommunale prosjekt.
GNIST 2022-2023
Korleis kan kommunen saman med innbyggjarar, næringsliv og organisasjonslivet kome saman om å skape framtidas bygdeturisme? I januar 2022 gjekk Aurland kommune inn i eit nyskapande samarbeidsprosjekt med kommunane Luster og Sogndal for å finne moglege løysingar på dei felles utfordringane innan høgt besøkstrykk og smale vegar, og samtid auke trivsel og tilbod i lokalsamfunna. Prosjektet er støtta av både Design og Arkitektur Norge (DOGA), under Næringsdepartementet, og Vestland fylkeskommune, med mål om å utvikle nyskapande idéar som kan overførast til andre stadar i landet med like utfordringar.
Kommunane ynskja og å teste nye måtar å gjere dette saman med innbyggjarar, laga og næringslivet. Til dette engasjerte kommunane et team frå designbyråa Lokalt Byrå og Æra Strategic Innovation for å hjelpe med å planlegge og lede prosessen. Utganspunktet for arbeidet var å starte med å la innbyggjarane diskutere kva for bygd dei ynskjer seg i framtida, og korleis turismen kan vere ein del av draumesituasjonen. “Grunnen til at me har turisme i bygda er jo å støtte opp om lokalsamfunnet, ikkje omvendt,” var mantraet til teamet. Etter innbyggjarverkstadene i dei tre bygdene Undredal, Solvorn og Fjærland, jobba kommunane og designteamet seg gjennom innspela for å utvikle 10 idéar som saman ledar mot eit meir berekraftig reiseliv og betre tilbod for innbyggjarar. For å tidleg finne ut om idéane hadde noko føre seg, inviterte kommunane moglege samarbeidspartnarar i bygdene, som ungdomslag, bygdeutval, bønder og reiselivsbedrifter, til å sei kva dei tenkte om idéane.
Idéane frå prosjektet adressera felles utfordringar og forslag til korleis kommunane, næringslivet og lokalsamfunnet kan samarbeide om å gjere utfordringane til ein moglegheiter. Det er utarbeida fire konsept i Undredal, basert på innspela som kom fram i innbyggjarverkstaden som var i august på ungdomshuset.
- Konseptet «Undredals beste ferje» viser moglegheitene i at turistferja blir ein del av kollektivtilbodet for innbyggjarane, og korleis ein kan utvikle eit større tilbod for turistane som kjem med same ferje.
- «Landbruksturisme på eigne premiss» spør om ein kan gi innbyggjarar og bønder som blir forstyrra av turistar fred gjennom å gje dei nysgjerrige turistane ein passande stad å oppsøke.
- «Startmotor for innbyggarar» handlar om korleis ein kan kombinere sosiale kveldar i bygda med hjelp frå innbyggjar til innbyggjar. Dette for å få til nye prosjekt, tilbod og bygg, kor ein arbeider med og ikkje mot vernestatus.
- «Underdøl 32.0» peikar på korleis neste generasjon Underdøler i og utføre bygda kan kome saman om å planlegge sitt preg på bygda, når dei skal forvalte ho på vegne av dei 31 tidlegare generasjonane.
Kvar av dei tre bygdene i prosjektet har fått ulike idéar, og kvar idé er òg relevant for alle bygdene. Det gjer at kvar kommune og bygd fekk fokusert på å teste og jobbe vidare med kvar sine konsept, og så dele erfaringar og resultat med kvarandre undervegs. Etter at fyrste del av prosjektet var ferdig hausten 2022 vart resultata godt motteke av både fylkeskommunen, Riksantikvaren, Distriktssenteret og DOGA. Det utløyste òg meir midlar frå DOGA slik at kommunane fekk ta idéane vidare ut i ei testfase sommaren 2023.
Erfaringa frå test 2. juni
2. juni 2023 inviterte Aurland kommune og Lokalt Byrå, i samarbeid med The Fjords og det fylkeskommunale selskapet Skyss til testing av fjorden som ferdsel og ikkje minst pendlarveg. Innbyggjarane i Undredal fekk på denne datoen reisa gratis med skulebussen om morgonen til Flåm og Aurland, samt reise gratis med dei elektriske ferjene til The Fjords. Sidan ein måtte ha eit reisepass så var det påmelding på både bussen og ferjene, og til nokre av rutene måtte ein tinge plass på førehand. På ettermiddagen vart Underdølene invitert til grilling og kaffi på bui, der dei fekk dela sine tankar og synspunkt rundt konseptet. Ein forventa ikkje så mange brukarar av ordninga, då rutetidene ikkje passa arbeid og skule. I tillegg til at Flåm barnehage og skule ligg så pass langt vekke frå kaien at ein ikkje kunne la bilen stå -spesielt om ein i tillegg jobba i Aurland. Alt i alt så var det to personar som meldte sin interesse for skyssordninga, men uheldigvis så viste det seg at dei aktuelle tidene på ferja vart kansellert den dagen. Og dette gjorde at dei ikkje kunne reise eller måtte finne ein anna måte å kome seg heim på, då det ikkje var kommunisert ut på førehand. Dette syner kanskje at om ein skal nytte ei turistferje i samband med pendling for lokale så må ein ha tilgang til meir informasjon og denne informasjonen må nå ut til dei lokale òg.
Grilling på bui vart ein suksess, og den største delen av testen vart eigentleg der, då fekk me snakke med innbyggjarane om dei har vurdert dette med å nytte fjorden som framkomstveg og kvifor dei ikkje kunne bruke den i samband med testen. Her er nokre av tilbakemeldingane som kom:
-
Hadde eit ynskje om å nytte meg av tilbodet, men det vart utfordrande i samband med henting av barn i barnehagen i Flåm -i tillegg til arbeid i Aurland.
-
Tidene passa ikkje så godt, spesielt med tanke på reise til Aurland og Flåm om morgonen -ynskjer å bruke fjorden meir
-
Har måtte nytta fjorden når vegen har vore stengt, det har vist seg å vera den sikraste vegen når dette skjer
-
Skulle ha vore ein fjord-skyss ordning- med moglegheit om å bruke den til og frå arbeid
-
Var ikkje klar over at det finst eit ambassadørkort på ferja
-
Hadde planar om å bruke ferja, men den ruta som passa vart kansellert
Ein ser at innbyggjarane er interesserte i å kunne bruke fjorden som ein ferdselsveg, men dei rutene som er no vert vanskeleg å bruke i samband med skule, barnehage og arbeid.-men dei kan inngå i ei slik rute. Veldig mange hadde tenkt på korleis dei kunne bruke tilbodet, og dei var generelt positive til å kunne nytte fjorden, spesielt dei som er i etablerarfasen eller arbeidar i Flåm og i Aurland.
I rapporten viser Lokalt Byrå til Skyss som den som kanskje sit med nøkkelen til vidare satsing på fjorden som ferdselsveg, og sett i ly av at Lærdalstunnellen kjem til å verta delvis stengt og at det vil verta behov for meir pendling på fjorden grunna dette. Eit betre tilbod som skyss har regien på kan og vera med på å betre tilboda til andre reisande i regionen.
Vegen vidare for Gnist og Undredal?
I sluttrapporten til Lokalt Byrå kjem dei med fylgjande anbefaling vidare, (omsett frå bokmål):
For å bøta på prosjekt-trøyttleiken som innbyggjarane i Undredal kan kjenna på, valte me eit konsept som skulle gje mest aktivitet for pengane. Vegen vidare for Undredal meina me vil vera om folk i bygda vart organisert til å ta fat i eigne utfordringar sjølv, framføre å vente på at kommune, fylke eller stat skal løyse deira utfordringar.
Undredal har mange aktive lag og foreiningar, men har gått i gjennom mange utskiftingar og endringar dei siste åra. Etter fleire samlingar med Underdøler ser me at det ikkje er ideane det manglar på, men evnen til å få ballen til å rulle. I konsept-porteføljen presenterte me bygdeakseleratoren der ein saman tek tak i initiativ hjå innbyggjarane for å setje desse ut i live. Me meinar fylkeskommunen sine LivOGLyst-midlar kan vera ein moglegheit for å setje nokre ressursar bak dei mange initiativa som no lev i hovuda og rundt kaffiborda til folk i Undredal. Kan kommunen invitera til informasjons-kveld for å setje ballen i innbyggjarane sin banehalvdel?
Liv Og lyst For samfunnsutvikling er eit program og nettverk for dei som ynskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet sitt. Det er eit program som vert lyst ut av Vestland Fylkeskommune.
I samband med prosjektet vart det skrive to rapportar til DOGA, desse kan du lese på linkane under:
Link til rapporten på hovudprosjektet i Gnist -litt lettare lesnad enn den som vart sendt til Doga https://www.jottacloud.com/.../303ae2dfaebfaf54de.../thumbs/
Link til sluttrapporten av Gnist: 01_Sluttrapport_InkluderendeDesignstøtte_SogndLusterAurland.pdf - Jottacloud
SOGN FOR ALLE
Kommunane i Sogn satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar. Innvandrarar representerer ein viktig ressurs for sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Gjennom prosjektet ønskjer vi å bli betre på å nytta moglegheitene som innvandringa bringer med seg.
Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Ei vellukka integrering vil kreve innsats og samhandling frå offentleg og privat næringsliv og frivillig sektor.
Sogn for alle er eit felles prosjekt gjennom Sogn Regionråd og kvar kommune har ein kommunalkontaktperson. Prosjektleiaren sit hjå Sogn Regionråd.
Sogn for alle skal leggje til rette for ulike tiltak innan for fylgjande tema; arbeid, språk og utdanning, familie og fritid og bustad.
For meir informasjon om Sogn for alle besøk www.sognforalle.no og Sogn for alle (regionraad.no).
Kommunal kontaktperson for Sogn for alle i Aurland er Næringsrådgjevar Linn-Janette Underdal Skarsbø
Prosjektleiar for Sogn for alle er Jeanett Walsvik.
Sjekk òg deira video om dei ulike inkluderingstiltaka: