Personar eller verksemder som ynskjer å drive serveringsstad med skjenking av alkoholhaldig drikk, må søkje kommunen om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyvet vert gjeve for maksimum fire år om gongen.
Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje ved skifte av styrar og assisterande styrar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.
Løyvet fell vekk ved overdraging av verksemda. Den nye eigaren kan likevel halde fram å skjenkje på det tidlegare løyvet i inntil 3 månader. Føresetnaden er at løyvegjevar (dvs. kommunen) har fått melding, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast 30 dagar etter overdraginga.
Du søkjer ein av tre løyvetypar
- skjenking av drikke med mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol
- skjenking av drikke med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- skjenking av all alkoholholdig drikke
Kriterium
- For å få skjenkjeløyve må du anten ha eit serveringsløyve eller søkje om dette samtidig.
- Du som løyvesøkjar og personar med vesentleg innverknad på verksemda (som medeigarar) må ha uklanderleg vandel etter relevante lover.
- Du må utpeike ein styrar og avløysar for salsstaden. Desse personane må ha fylt 20 år, ha bestått kunnskapsprøva for alkohollova og bestått etablerarprøva (gjeld berre styraren).