Gjeldande salstid i Aurland kommune

Den generelle sals- og utleveringstida for øl i Aurland kommune vert sett til kl. 20.00 på kvardagar. På dagar før sun- og helgedagar skal salet slutta kl. 18.00, med unntak av dagen før Kristi Himmelsfartsdag.

Gjeldande skjenkjetid i Aurland kommune

Den generelle skjenkjetida for brennevin i Aurland kommune vert sett til kl. 01.00.

Den generelle skjenkjetida for øl og vin vert fastsett til kl. 02.00.
Den generelle skjenkjetida for skjenking ute vert fastsett til kl. 01.00.

Dersom opningstida for eit særskilt høve vert utvida til etter kl. 01.00, får kommunedirektør fullmakt til å gje skjenkjeløyve for øl, vin og brennevin til det same høve.

Skjenkjereglar:

Verksemder som har løyve til å skjenkje brennevin, kan skjenkje på heile sitt skjenkjeområde – både inne og ute.

Sals- og skjenkjetider i Aurland kommune for perioden 2012-2016(pdf)

Sal- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk, utdrag frå ruspolitisk handlingsplan 2013 - 2015