Rettleiing og tilsyn med barnehagar

Kommunen har ansvar for å rettleie barnehagane, jfr barnehagelova med forskrifter.

Kommunen skal føre tilsyn med alle barnehagane i kommunen, både private og kommunale. Tilsyn vert ført om kvalitet og innhald i barnehagane.

Til dømes 

  • krav til norskferdigheiter og kompetanse hjå personalet
  • krav til politiattest og internkontroll
  • at barnehagen føl reglane kring bornas psykososiale barnehagemiljø og ikkje godtek utestenging og mobbing
  • at barna sin rett til medverknad vert ivareteken

Dersom det vert oppdaga uforsvarlege eller ulovlege tilhøve i tilsynet har kommunen mynde til å fatte følgjande vedtak 

  • pålegg om retting innan ei fastsett frist
  • stenge barnehagen ei periode dersom pålegg om retting ikkje vert overhalde
  • vedta at barnehagen skal stengast

Eit tilsyn med barnehagane kan være varsla eller uanmeldt, og det kan bli gjennomført som dokumenttilsyn eller statleg tilsyn. Barnehagane skal også sende inn ei årleg rapportering til kommunen.

Tilsyn kan være på grunnlag av ei tilsynsplan, etter ei årleg risikovurdering av barnehagane i kommunen, eller på grunnlag av hendingar eller mottekne bekymringsmeldingar.

I Aurland er oppgåvene som barnehagemynde lagt til juridisk rådgjevar; Guri Olsen guri.olsen@aurland.kommune.no tlf 959 84 663.

Helse og miljø i barnehagar og skular

Oppfølging av til dømes inneklima, lys, lyd, sanitæranlegg, avfallshandtering, drikkevatn og liknande som fell inn under forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordringer er det Miljøretta helsevern i Sogndal som på vegne av kommuneoverlegen føl opp. Miljøretta helsevern - SOGNDAL KOMMUNE

Andre som kan føre tilsyn med barnehagane er

Etablering og godkjenning av barnehagar.

Kommunen har ei rettleiingsplikt overfor dei som ynskjer å etablere ny barnehage eller utvide eksisterande barnehage.

Kommunen har ansvar for at barnehagar stetter krava i regelverket. Alle barnehagar skal godkjennast av kommunen før verksemda kan starte opp. 

Kommunen avgjer søknad om godkjenning av barnehagar etter ei konkret vurdering av om barnhagen er eigna sett opp i mot føremål og innhald. Ved godkjenning kan kommunen setje vilkår for drifta. Til dømes tal barn, alder på barna og opphaldstid. Ordninga med godkjenning skal sikre at det vert etablert gode barnehagar.

Alle barnehagar skal også ha godkjenning frå miljøretta helsevern. Miljøretta helsevern - SOGNDAL KOMMUNE