Personar eller verksemder som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Løyvet vert ikkje gjeve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. 

Kommunen gir løyvet for maksimum fire år om gongen. Når løyveperioden går ut, må du søkje om fornying. Du kan òg søkje løyve for ein bestemd del av året eller for eit enkelt høve.

Når du har fått løyve, pliktar du å melde frå til kommunen dersom det skjer endringar. Døme på dette er:

  • skifte av styre og avløysar
  • endring av driftskonseptet
  • endring i eigarforholdet

Blir verksemda overdregen til andre, fell løyvet bort. Salet kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader, føresett at kommunen har fått beskjed om overdraginga. Ny søknad må sendast seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Lenkje til lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven).

Kriterium

Løyvesøkjar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut styrar med avløysar. Begge må ha greidd kunnskapsprøven om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle krava som alkohollova stiller. Les meir om kunnskapsprøven i alkohollova her.

Slik søker du om salsløyve

Skjema for søknad om salsløyve for alkohol, finn du skjema lista vår. 
 
 
Logg deg inn med ID-porten, fyll ut nødvendig informasjon og send inn skjema.
 
Dersom du har behov for rettleiing, kan du ta kontakt med oss i kommunen. 

Klagerett

Er du misnøgd med avgjerda, har du høve til å klage. I avgjerda du får, er det forklart korleis du klagar. Du kan klage innan tre veker frå du fekk avgjerda. I klaga fører du opp kva du ønskjer å endre, og grunngir det.

Når kommunen har fått klaga, blir avgjerda gjennomgått på nytt. Viss det blir vedteke å ikkje gjere nokon endringar, sender kommunen klaga di vidare til Statsforvaltaren.