Tenesteeining for bu- og miljøtenester vart oppretta i 2018. Eininga gjev teneste til barn og yngre menneske med nedsett funksjonsevne, opp til 67 år. Dette omhandler tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og tenester til menneske med langvarige behov innan rus- og/ eller psykiske lidingar.
Tenestene vert levert i omsorgsbustader med heildøgnsbemanning, praktisk bistand i brukars heim, eller dei vert organisert som brukarstyrt assistanseordningar (BPA) i brukars heim. Eininga har ansvar for avlastningstenester, omsorgsstønad, barnebustad, støttekontakteneste, og dagtilbod.
Tenestene vert tildelt etter søknad. Eininga har i tråd med overordna, nasjonale og lokale føringar, mål om å arbeide førebyggjande, og yte eit tilpassa og heilskapeleg tenestetilbod. Tenestetilbodet skal ivareta likeverd hjå den enkelte og aktiv deltaking i eigen livssituasjon.