Føremålet med førehandskonferanse er å finne ut kva slags lover og krav som gjeld for byggjeplanane dine. Typiske spørsmål kan vere:
- føresegner i reguleringsplan,
- behov for dispensasjon,
- krav om ansvarleg føretak,
- krav om uavhengig kontroll,
- uttale frå andre myndigheiter
- forhold til veg/adkomst,
- VA-trasé,
- landbruk, miljø eller næring
Førehandskonferansen må ikkje forvekslast med sakshandsaming, og vi gjer ikkje vedtak i ein førehandskonferanse. Kommunen har ansvar for å skrive eit kort referat etter førehandskonferansen.
Du kan bestille førehandskonferanse ved å sende ein e-post til post@aurland.kommune.no
Papirbaserte skjema finn du på direktoratet for byggkvalitet sine heimesider.
Bestillingsskjema kan sendast elektronisk via kommunen sin søkjeportal eller på e-post til post@aurland.kommune.no eller vanleg post til postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland
Gebyrsatsar finn du her