Det blir tilbydd både influensavaksine og oppfriskingsdose av korona-vaksine på vaksinasjonsdagane. Det er valfritt kva vaksine du vil ha, og du kan få begge same dag.

- Onsdag 23 oktober frå kl 09:00 - 13:00 for dei over 75 år, i Ais. 

- Torsdag 24 oktober frå kl 09:00 - 13:00 for dei under 75 år, i Ais. 

Personar i same husstand kan kome saman til vaksinering.

Prisar

Influensavaksine 170,- (frikort gjeld ikkje)

Koronavaksine gratis 

Tilrådingane for Influensavaksine og oppfriskingsdose av korona-vaksine er om lag like:

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle fra fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko 

Barn og vaksne med:

  • Kronisk lungesjukdom
  • hjerte- og karsjukdom (utanom høgt blodtrykk)
  • diabetes type 1 og 2
  • leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
  • nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (td organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der infeksjon utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Vaksine mot lungebetennelse – pneumokokkvaksine:

Denne er også tilrådd alle i same grupper som over. Den skal givast kvart 5. år. Dei som ynskjer denne kan ta kontakt med legekontoret på tlf 57632900 for å få sett den der. Det må gå 14 dagar mellom denne og vaksinering med influensavaksine / covid19 vaksine. Denne vaksina kostar 450,-

Barn i risikogrupper

Barn i risikogrupper frå 0-18 år vil få tilbod om vaksinering på helsestasjonen.

Dei kan ta kontakt på tlf 95984640 for å avtale tidspunkt.