Det skal utarbeidast ein planstrategi etter kvart kommuneval. Planstrategien skal vedtakast innan eit år etter at kommunestyret blei konstituert. Planstrategien er eit verktøy for å klargjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp med eller vidareføre for å legge til rette for ønska utvikling i kommunen.

enkelplanlegging.no kan du sjå ein video som kort forklarer kva ein planstrategi er og lese meir om arbeidet.

Arbeid med ny planstrategi

Det første kommunen må gjere i arbeidet med ny planstrategi er å oppdatere kunnskapsgrunnlaget. Kunnskapsgrunnlaget tek for seg utviklingstrekk og utfordringar for kommunen som samfunn og organisasjon. Aktuelle tema i kunnskapsgrunnlaget er befolkningsutvikling og befolkningssamansetning, areal, levekår og folkehelse, næringsutvikling og sysselsetting, miljø, klima, energi og forbruk, samfunnssikkerheit og beredskap og kommunen sin økonomiske situasjon.

Medverknad

Det vil bli arbeida med planstrategien internt i organisasjonen og dei fleste avdelingane blir involvert i oppdatering av kunnskapsgrunnlaget. Det vil bli gjennomført ein arbeidsverkstad med kommunestyret i løpet av våren 2024. Utkast til ny planstrategi blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, truleg i løpet av september, og alle som ønskjer det kan kome med innspel. Administrasjonen kjem til å ha opne kontordagar i samband med høyringa.

Den nye planstrategien skal vedtakast i løpet av hausten 2024.