Finalistane er Norsk kystkulturakademi i Solund, Dagfinn og Kari Hegg-Lunde på Borlo i Lærdal, og verdsarvbøndene i Undredal i Aurland kommune.
Vinnaren av prisen skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet i Vestland, mellom anna knytt til det biologisk mangfaldet, bygningsvern, verdiskaping, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet. Alle dei tre finalistane utmerkar seg i høve desse kriteria på kvar sin måte.
Her kan du lesa meir om dei tre finalistane og kva juryen ser etter før vinnaren skal kårast i august/september: Desse finalistane fekk besøk av juryen for kulturlandskapsprisen | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)