Forfattarforedrag og villreinskveld på Aurland folkebibliotek!
Velkommen til ein kveld med fokus på naturtap og villrein! Korleis me bygger ned naturen, kva som skjer med dyra som er avhengige av den, og kva me kan gjere for å få den tilbake!
Marit Beate Kasin kjem med boka Naturparadokset og Guri Sørumgard Botheim kjem med si roman, Høgfjellsmeldinga. Dei to forfattarane vil presentere bøkene sine før det vert ein samtale mellom dei to om mellom anna naturtap og villrein.
I tillegg får me besøk av Harald Skjerdal som kjem med informasjon om reetablering av villrein på Nordfjella sone 1!
På biblioteket, 24. oktober kl. 18.00!
Arrangementet er ope for alle!
Bli med på forfatterkveld med Maja Lunde den 29 oktober |
Maja Lunde – Skjerm barna!
Aurland folkebibliotek får besøk av forfattar Maja Lunde, som skal snakka om den nye boka si Skjerm barna. Dette er eit aktuelt foredrag om barn og skjermbruk, og Lunde vil opne opp for spørsmål mot slutten av forelesinga.
Skjermane er overalt – i klasserommet, rundt middagsbordet og med opp i senga. Samtidig veit me at ungar leikar mindre, les færre bøker og har mindre tid til utforsking og læring. Me ser også at psykisk uhelse aukar blant barn og unge og skulemotivasjonen fell. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, det har ikkje komme for å bli. Det kan me fjerne eller endra. Dette foredraget viser korleis.
På biblioteket, 29. oktober kl. 20.00!
Arrangementet er ope for alle