Les meir om dette på FHI sine heimesider.
Mange vil framover få ein beskjed frå sjukehuset eller kommunen om at dei er kandidatar for tredje vaksinedose.
Anbefalte vaksiner er frå Pfizer eller Moderna. Same vaksina som de allereie har fått.
Kommunen vil kalle inn dei vi finn i våre system som fyller kriteria.
Det er òg mogleg å melde seg sjølve for vaksinering.
Føresetnaden er at du er kjend ved det lokale legekontoret. Da er det ikkje trong for dokumentasjon på sjukdom.
Viss du har fått brev frå spesialisthelsetenesta, eller meiner du er kandidat for dose 3 etter kriteria nedanfor, tek du kontakt med legekontoret på legekontoret@aurland.kommune.no eller på telefon 57632999
Kriteria er som fylgjer:
• Organtransplanterte
• Benmargstransplanterte dei siste 2 åra
• Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt
• Alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse
• Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon
• Pasientar som nyttar immundempande medisiner som står på vedlagde medikamentliste.
Dei som fyller disse kriteria kan ta kontakt med kommunen direkte.
Fylgjande skal og ha tilbod om tredje vaksinedose i samarbeid med behandlande spesialist:
• Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling.
• Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling.
-Disse må førebels ha vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta fordi det må gjerast ein individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå ikkje naudsynte bivirkninaer.
• Pasientar som av ansvarleg legespesialist vurderast å ha svært nedsatt immunforsvar og som ikke inngår i ei av gruppene ovanfor.
-Desse må ha eige vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta.
Liste over medikament:
Abatacept (Orencia®)
Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)
Anakinra (Kineret®)
Azathioprin (Imurel®)
Baricitinib (Olumiant®)
Belimumab (Benlysta®)
Brodalumab (Kyntheum®)
Certolizumab pegol (Cimizia®)
Ciklosporin (Sandimmun®)
Cortison >100 mg daglig >1mnd
Cyclofosfamid (Sendoxan®)1
Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd
Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)
Filgotinib (Jyseleca®)
Fingolimod (Gilenya®)
Golilumab (Simponi®)
Guselkumab (Tremfya®)
Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd
Iksekizumab (Talz®)
Infliximab (Remicade®, Remsima®, Zessly®, Inflectra®, Flexabi®)2
Leflunomid (Arava®)
Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)
Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd
Mykofenolat (Cellcept®)
Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3
Omalizumab (Xolair®)
Ozanimod (Zeposia®)
Prednisolon >= 20 mg daglig >1 mnd
Rilonacept (Arcalyst®)
Risankizumab (Skyrizi®)
Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3
Secukinumab (Cosentyx®)
Sulfasalazin (Salazopyrin®)
Takrolimus (Prograf®)
Tocilizumab (RoActemra®)
Tofacitinib (Xeljanz®)
Upadacitinib (Rinvoq®)
Ustekinumab (Stelara®)
Vedolizumab (Entyvio®)
1Tredje dose vaksine anbefales til de som har brukt dette medikamentet i løpet av de siste 6 mnd.
2Pasientene bør ikke vaksineres samme dag som de får infusjon med rituksimab, infliksimab eller okrelizumab, et intervall på + 2 uker vil være å foretrekke, men bør ikke forsinke vaksinering.
3Tredje dose vaksine anbefales de som har brukt disse medikamentene i løpet av de siste to årene.